Forskrift
2006-06-23 nr. 724
Forskrift til:
Opplæringslova
Opplæringsforskrifta
Kapittel 2.
Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda


§ 2-1. Skolebasert vurdering
Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Skoleeigaren har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

§ 2-2. Rapportering frå kommunen og fylkeskommunen
Skoleeigaren skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

§ 2-3. Nasjonale undersøkingar om elevanes læringsmiljø
Skoleeigaren skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.

§ 2-4. Nasjonale prøver
Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skoleeigaren skal sørgje for at dette blir gjennomført.
For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i Opplæringslova, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld grunnskoleelevar som får særskild språkopplæring etter Opplæringslova § 2-8, og elevar som går i vidaregåande opplæring, og som følgjer individuell opplæringsplan i norsk. Eleven sjølv eller foreldra eller dei føresette kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.
Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar i faga, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.
Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.
Departementet fastsett nærmare reglar for gjennomføringa av prøvene.
Innhold
Kapittel 1. Innhaldet i opplæringa
Kapittel 1A. Leksehjelp for elevar i grunnskolen
Kapittel 2. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring
Kapittel 4. Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne
Kapittel 5. Klage på vurdering
Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar og lærekandidatar til lærebedrifter
Kapittel 7. Alternative opplæringsformer i samisk og finsk
Kapittel 8. Ulykkesforsikring for elevar
Kapittel 9. Rådgivande folkerøysting om målform i grunnskolen
Kapittel 10. Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
Kapittel 11. Særskilde reglar om fagopplæringa
Kapittel 12. Tryggleik for elevane
Kapittel 13. Oppfølgingstenesta i vidaregåande opplæring
Kapittel 14. Krav til kompetanse ved tilsetjing i undervisningsstilling
Kapittel 15. Krav om politiattest
Kapittel 16. Sakshandsamingsreglar
Kapittel 17. Elevens rett til læremiddel på eiga målform
Kapittel 18. Kommunen sitt økonomiske ansvar for grunnskoleopplæringa
Kapittel 19. Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for vidaregåande opplæring
Refusjon av utgifter til opplæring for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar
Kapittel 20. Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring
Kapittel 21. Tilgang til skolebibliotek
Kapittel 22. Retten til nødvendig rådgiving
Kapittel 23. Dispensasjon frå forskrifta
Kapittel 24. Innføringstakt for Læreplanverket for Kunnskapsløftet og overgangsordningar frå L97 og Reform 94 til Kunnskapsløftet
Kapittel 25. Ikraftsetjing
  
Ord for dagen
2538
Den første
som spiste østers,
var en modig mann.
Jonathan Swift
  
Forskrifter til Opplæringslova
Alfabetisk
Kronologisk