| I.
Generelle føresegner |
|
| |
| § 3—1.
Rett til vurdering |
| Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar
og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring
har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten
til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering
og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa.
Kapitlet gjeld for privatistar, så langt det er fastsett
i føresegnene her. Praksiskandidatar reknast som privatistar
i kapitlet her, dersom ikkje anna er særskild fastsett i
føresegnene her. Kapitlet gjeld for elevar i skolar som
er godkjende etter Opplæringslova
§ 2-12. |
| Reglane i kapitlet gjeld ikkje for dei som får privat
opplæring i heimen etter Opplæringslova
§ 2-13. |
| Kapitlet gjeld heller ikkje for offentleg grunnskoleopplæring
eller offentleg vidaregåande opplæring særskilt
organisert for vaksne etter Opplæringslova
kapittel 4A. For vurdering i opplæring særskilt
organisert for vaksne, gjeld kapittel 4.
|
| Det skal vere kjent for eleven, lærlingen og lærekandidaten
kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt
i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal og være
kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som
blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd. |
| Skoleeigar har ansvaret for at eleven, lærlingen eller
lærekandidaten sin rett til vurdering blir oppfylt, jf.
Opplæringslova § 13-10 første ledd. Ved
opplæring i bedrift er det lærebedrifta som oppfyller
lærlingen og lærekandidaten sin rett til vurdering.
|
|
| § 3—2.
Formålet med vurdering |
| Formålet med vurdering i fag er å fremje læring
undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen
og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa
i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til
elevane, lærlingane og lærekandidatane. |
| Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen,
som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven,
lærlingen eller lærekandidaten aukar kompetansen sin
i fag. |
| Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven,
lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa
i faget. |
| Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å
bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt
miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.
|
| Undervegsvurdering og sluttvurdering skal sjåast i samanheng
for å betre opplæringa. Kunnskap om elevens, lærlingens
og lærekandidatens utvikling i fag, orden og åtferd
gjennom undervegsvurdering gir læraren grunnlag for å
fastsetje standpunktkarakter i fag, orden og åtferd. |
|
| § 3—3.
Grunnlaget for vurdering i fag |
| Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla
i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket,
jf. § 1-1 eller §
1-3. |
| I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den
enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen
og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten
trekkjast inn. I grunnskolen skal det i faget kroppsøving
i vurderinga leggjast vekt på både oppnådd kompetanse
og føresetnadene til eleven. I vidaregåande opplæring
skal ikkje elevens føresetnader trekkjast inn i vurderinga
i faget kroppsøving. |
| Eleven, lærlingen og lærekandidaten skal møte
fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren
og instruktøren får grunnlag til å vurdere
eleven, lærlingen og lærekandidaten sin kompetanse
i faget. Læraren og instruktøren skal leggje til
rette for at han eller ho får eit tilstrekkeleg grunnlag
for å vurdere kompetansen til eleven, lærlingen og
lærekandidaten, slik at den retten eleven, lærlingen
og lærekandidaten har etter §
3-1, blir oppfylt. Stort fråvær eller andre særlege
grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg
grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller
standpunktkarakter. |
|
| § 3—4.
Karakterar i fag mv. |
| I grunnskolen til og med 7. årstrinnet skal
det berre givast vurdering utan karakterar. |
| Frå 8. årstrinn og i vidaregåande
opplæring skal vurdering også givast med talkarakterar.
Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1
til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast. |
| Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:
|
a) |
karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå
kompetanse i faget |
b) |
karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i
faget |
c) |
karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
|
d) |
karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse
i faget |
e) |
karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i
faget |
f) |
karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg
kompetanse i faget. |
| I vidaregåande opplæring svarer bestått
til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle tilfelle
fastsetje ei anna grense for bestått i læreplanverket.
Fag med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren
er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er
for ein tverrfagleg eksamen. |
| Det går fram av læreplanverket at det
i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei
andre uttrykka er |
a) |
bestått/ikkje bestått: for å få karakteren
bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande kompetanse
i faget |
b) |
delteke/ikkje delteke. |
| Ved fag- og sveineprøve og kompetanseprøve
skal det ved vurderinga brukast ein tredelt skala som har dette
innhaldet: |
a) |
bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse
i faget |
b) |
bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
|
c) |
ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.
|
|
| § 3—5.
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd |
| Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt
til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet
til skolen. |
| Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er
førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane
og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om
eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast,
og har med nødvendig læremiddel og utstyr. |
| Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis
eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og
andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom
anna om eleven viser omsyn og respekt for andre. |
| Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild
frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag. |
| I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn
til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje
leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er
dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov.
Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten
orden eller i åtferd. |
|
| § 3—6.
Karakterar i orden og i åtferd |
| I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet
berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.
|
| Frå 8. årstrinnet og i vidaregåande
opplæring skal vurdering i orden og i åtferd givast
med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse
karakterane nyttast: |
a) |
God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
|
b) |
Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og
frå vanleg åtferd |
c) |
Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik
frå vanleg orden og frå vanleg åtferd. |
|
| § 3—7.
Varsling |
| Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil
om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller
standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi det ikkje er
grunnlag for fastsetjing av karakter. |
| Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom
det er fare for at eleven i halvårsvurdering med karakter
eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså
god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd. |
| Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi
eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering
med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve
til å forbetre karakteren i orden eller åtferd. |
| Etter at eleven har fylt 18 år, skal foreldra ikkje varslast.
|
|
| § 3—8.
Dialog om anna utvikling |
| Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til
jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren
om sin utvikling i lys av Opplæringslova
§ 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa
i læreplanverket. |
|
| § 3—10.
Privatistar |
| Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt
seg til eksamen i eitt eller fleire fag utan å vere elev
eller lærling i dette faget eller desse faga. |
| Privatistar går opp til eksamen i fag dei ønskjer
å dokumentere kompetanse i. Eksamensforma for privatistar
er fastsett i læreplanverket. |
| Det skal vere tilgjengeleg for privatistar kva som er måla
for opplæringa og kva som blir lagt vekt på i vurderinga
av hennar eller hans kompetanse. |
| I læreplanverket er det for enkelte fag fastsett at privatistar
berre treng bestå eksamen på det høgaste nivået
for å få godskrive faget på eit lågare
nivå. |
| Barn og ungdom i opplæringspliktig alder, jf.
Opplæringslova § 2-1, kan ikkje ta grunnskoleopplæringa
som privatist. |
|
| II.
Undervegsvurdering |
|
| |
| § 3—11.
Undervegsvurdering |
| Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen,
som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven,
lærlingen og lærekandidaten aukar kompetansen sin
i fag, jf. § 3-2. Undervegsvurderinga
skal gis løpande og systematisk og kan vere både
munnleg og skriftleg. |
| Undervegsvurderinga skal innehalde grunngitt informasjon om
kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten
og skal givast som meldingar med sikte på fagleg utvikling.
|
| Eleven, lærlingen og lærekandidaten har minst éin
gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren
eller instruktøren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla
i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga
utan karakter, jf. § 3-13 og
i samband med samtalen med foreldra etter §
20-3 og § 20-4. |
| Læraren skal vurdere om eleven har tilfredsstillande
utbytte av opplæringa, jf.
Opplæringslova § 5-1 og §
5-4. |
| Lærekandidatar og elevar med individuell opplæringsplan
skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar
med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf.
Opplæringslova § 5-5 første ledd. Elevar
som er fritekne frå vurdering med karakter etter §
3-20 skal ha undervegsvurdering utan karakter på grunnlag
av måla i den individuelle opplæringsplanen så
langt planen avvik frå læreplanen for faget. |
| Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter
§ 3-21 til § 3-24 skal
ha undervegsvurdering utan karakter i faget. Grunnlaget for vurdering
er kompetansemåla i faget, jf. §
3-3. |
|
| § 3—12.
Eigenvurdering |
| Eigenvurderinga til eleven, lærlingen og lærekandidaten
er ein del av undervegsvurderinga. Eleven, lærlingen og
lærekandidaten skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid,
eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling, jf.
Opplæringslova § 2-3 og §
3-4. |
|
| § 3—13.
Halvårsvurdering i fag for elevar |
| Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga
og skal syne kompetansen til eleven i forhold til kompetansemåla
i læreplanverket. Ho skal også gi rettleiing om korleis
eleven kan auke kompetansen sin i faget. |
| Det skal bli gitt halvårsvurdering utan karakter gjennom
heile grunnopplæringa. |
| Frå 8. årstrinnet skal eleven ha halvårsvurdering
utan karakter og halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga
med karakter skal gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd
ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga.
|
| I grunnskolen skal halvårsvurderinga gjennomførast
midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet,
og ved slutten av opplæringsåret på årstrinnet
for fag som ikkje blir avslutta, jf.
læreplanverket. |
| I vidaregåande opplæring skal halvårsvurdering
gjennomførast midt i opplæringsperioden på
kvart årstrinn. I fellesfag, jf.
§ 3-45, skal elevane også ha halvårsvurdering
med karakter på slutten av opplæringsåret dersom
faget ikkje blir avslutta, jf.
læreplanverket. |
| Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter
§ 3-20 til § 3-24 skal
ha halvårsvurdering utan karakter. For elevar med fritak
frå vurdering med karakter etter §
3-20 skal halvårsvurderinga utan karakter givast på
grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen
så langt denne avvik frå læreplanen for faget.
|
| Rektor har ansvaret for at faglæraren gjennomfører
halvårsvurdering med og utan karakter. Dersom rektor er
i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde,
kan rektor be om ny fagleg vurdering før karakterane blir
fastsette. |
|
| § 3—14. Halvårsvurdering
for lærlingar og lærekandidatar i bedrift
|
| Halvårsvurdering er ein del av undervegsvurderinga for
lærlingar og lærekandidatar. Halvårsvurderinga
er utan karakter og skal beskrive kompetansen til lærlingen
og lærekandidaten i forhold til kompetansemåla i læreplanverket.
Ho skal også gi rettleiing om korleis lærlingen og
lærekandidaten kan auke kompetansen sin i faget. Instruktøren
gjennomfører halvårsvurderinga utan karakter. |
|
| § 3—15.
Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar
|
| Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del
av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering
utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.
|
| Frå 8. årstrinnet skal det givast halvårsvurdering
også med karakter i orden og i åtferd. Halvårsvurdering
med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden
på 8., 9. og 10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret
så nær som etter 10. årstrinnet. |
| I vidaregåande opplæring i skole skal det givast
halvårsvurdering med karakter midt i opplæringsperioden
på kvart årstrinn. Det skal givast halvårsvurdering
med karakter ved slutten av opplæringsåret dersom
eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole dette opplæringsåret.
Når eleven avsluttar opplæringa i skole skal det fastsetjast
standpunktkarakter i orden og i åtferd etter §
3-19. |
| Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden
og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til
eleven. |
|
| § 3—16.
Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga |
| Frå 8. årstrinnet skal alle elevar kvart halvår
få halvårsvurdering med karakter i fag og i orden
og i åtferd dokumentert skriftleg. Fråvær skal
også dokumenterast kvart halvår. |
| Det skal kunne dokumenterast at undervegsvurdering er gitt,
jf. § 3-11 til § 3-15.
|
|
| III.
Sluttvurdering |
|
| |
| § 3—17.
Sluttvurdering i fag |
| Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven,
lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa
i fag i læreplanverket, jf. §
3-3. |
| Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
|
| Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar,
eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve og
kompetanseprøve. |
| Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan påklagast etter
reglane i kapittel 5. |
| Eksamen er særskilt regulert i §
3-25 til § 3-37. For fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
gjeld særskilde reglar, sjå
§ 3-48 til § 3-68. |
| Elevar i grunnopplæringa som har individuell opplæringsplan,
skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen
for faget, jf. § 3-3. Elevar
i grunnskolen kan få fritak frå vurdering med karakter,
jf. § 3-20. Dersom sluttvurdering
ikkje er mogleg for ein elev i vidaregåande opplæring,
skal eleven ha dokumentasjon ført i samsvar med §
3-45 og § 3-46. |
|
| § 3—18.
Standpunktkarakterar i fag |
| Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga
av opplæringa i fag, jf.
læreplanverket, og som skal førast på vitnemålet.
|
| Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag
som samla viser kompetansen eleven har i faget, jf.
§ 3-3. Eleven skal ha høve til å forbetre
kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett.
Eleven skal bli gjort kjend med kva det er lagt vekt på
i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. |
| Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast
seinast dagen før fellessensurmøtet. |
| Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast
seinast dagen før skolen gjennomfører den første
lokalt gitte eksamenen på det aktuelle trinnet innanfor
utdanningsprogrammet. |
| Rektor har ansvaret for at faglærar set standpunktkarakter.
Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter
er følgde, kan rektor krevje ei ny fagleg vurdering før
karakterane blir fastsette og førte. |
| I dei tilfella der det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter,
har rektor ansvaret for at det blir fatta enkeltvedtak om at standpunktkarakter
ikkje skal bli gitt. For at det skal kunne gjerast enkeltvedtak
om å ikkje gi karakter, skal eleven vere varsla, jf.
§ 3-7. Når det ikkje kan givast standpunktkarakter
i grunnskolen på grunn av stort fråvær eller
andre særlege grunnar, skal det ikkje førast karakter
på vitnemålet. |
|
| § 3—19.
Standpunktkarakterar i orden og i åtferd |
| Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd
etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring
skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa
i skole, jf. læreplanverket.
|
| Rektor har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og
i åtferd blir fastsette etter drøfting i møte
der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar
i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa
er avslutta. |
|
| IV.
Fritak frå vurdering |
|
| |
| § 3—20.
Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell
opplæringsplan |
| Når ein elev i grunnskolen får opplæring etter
individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om eleven skal
ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det både
gis skriftlege og munnlege karakter, kan foreldra også velje
om eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget.
Dei som vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den
eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre i fag
som er omfatta av enkeltvedtaket om spesialundervisning. |
| Skoleeigaren skal sørgje for at eleven og foreldra i
grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva val av
vurdering utan og med karakter inneber for eleven. |
| Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje få
fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har
individuell opplæringsplan i eit fag. |
|
| § 3—21.
Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege
elevar i grunnskolen |
| Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner
opplæringa i Noreg siste halvdel av eit opplæringsår,
er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret,
dersom foreldra ber om dette. Dette gjeld både halvårsvurdering
med karakter og standpunktvurdering. |
| Skoleeigaren skal sørgje for at eleven og foreldra i
grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva val av
vurdering utan og med karakter inneber for eleven. |
|
| § 3—22.
Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
|
| Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring
på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på
Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få
fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.
|
| Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande
opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan,
avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter
i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket
om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål. |
| Elevar i heile grunnopplæringa og privatistar
i vidaregåande opplæring har også rett til fritak
frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom
dei: |
a) |
på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert
av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målforma
|
b) |
ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
|
c) |
fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller
vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på
grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.
|
| Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller
eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller
privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering
med karakter etter denne føresegna, likevel har fått
vurdering i skriftleg sidemål. |
|
| § 3—23.
Fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen
av faget kroppsøving i vidaregåande opplæring
|
| Elevar i vidaregåande opplæring som ikkje kan følgje
den ordinære opplæringa i den praktiske delen av kompetansemåla
i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring
så langt dette er mogleg for eleven. Elevar skal få
fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen
av faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får
ikkje kan vurderast med karakter. Det blir ikkje gitt fritak frå
vurdering med karakter i den teoretiske delen av faget. |
|
| § 3—24.
Fritak frå eksamen |
| Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som
blir avslutta med eksamen, skal ikkje delta i eksamen i faget.
|
| I grunnskolen kan rektor sjølv etter søknad frå
foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre
tungtvegande grunnar. |
|
| V.
Eksamen |
|
| |
| § 3—25.
Generelle føresegner |
| Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket. |
| Læreplanen i det enkelte faget fastset om og eventuelt
når i opplæringsløpet det skal vere eksamen
i faget. Det er òg fastsett i læreplanen for fag
om eleven skal opp til eksamen i faget, eller om elevar kan trekkjast
ut, kva slags eksamensform som skal nyttast, og om eksamen skal
vere lokalt gitt eller sentralt gitt. Departementet fastset kor
mange eksamenar det skal vere på 10. årstrinnet og
på kvart årstrinn innanfor utdanningsprogramma eller
programområda i vidaregåande opplæring. |
| Eksamen skal organiserast slik at eleven eller privatisten kan
få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal
fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen
til eleven eller privatisten slik denne kjem fram på eksamen.
|
| Fylkeskommunen har plikt til å informere elevar og privatistar
i vidaregåande opplæring om kva for reglar som gjeld
for ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. |
| Det er ikkje ny eksamen, utsett eksamen eller særskild
eksamen i grunnskolen. |
| For fag- og sveineprøva og kompetanseprøva gjeld
reglane i § 3-48 til § 3-68.
|
|
| § 3—26.
Melding av elevar til eksamen |
| Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa
i fag som blir avslutta med eksamen. Utdanningsdirektoratet fastset
meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre
seg. |
| Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve
melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen,
jf. § 3-33 til § 3-35.
Meldinga skjer til skolen. |
|
| § 3—27.
Melding av privatistar til eksamen i vidaregåande opplæring
|
| Privatistar har sjølve ansvaret for å melde seg
til eksamen til den skolen eller den instansen som fylkeskommunen
fastset. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis
eksamen skal gå føre seg. Skolen eller den instansen
som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast.
|
| Ein privatist kan ikkje melde seg til eksamen i det same faget
fleire stader ved same eksamen. |
| Den som er elev i eit fag ved fristen for melding til privatisteksamen,
kan ikkje melde seg som privatist i faget til denne eksamenen.
Heiltidselevar kan ikkje utan å endre elevstatusen sin,
jf. § 6-2, melde seg av eit fag
for å ta faget som privatist. |
| Privatistar må betale prøveavgifta i samsvar med
fastsette satsar. Dette gjeld ikkje for utsett eksamen etter §
3-35 og ny eksamen etter § 3-36
og § 3-37. |
|
| § 3—28.
Sentralt gitt eksamen |
| Ved sentralt gitt eksamen fastset Utdanningsdirektoratet korleis
eksamen i det enkelte faget skal organiserast, korleis eksamensoppgåva
skal vere, datoen for den enkelte eksamenen, og korleis sensurordningane
skal vere. |
| Kommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar til
sentralt gitt eksamen i grunnskolen og for den praktiske gjennomføringa
av eksamen. |
| Fylkeskommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar
til eksamen og for den praktiske gjennomføringa av eksamenen
for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring.
|
| Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast
i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar,
høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Utdanningsdirektoratet
fastset dato for melding om trekkfag. |
| Prøvesvara ved sentralt gitt eksamen skal vurderast av
to eksterne sensorar. Dersom det er usemje, skal karakteren avgjerast
av ein oppmann. |
|
| § 3—29.
Lokalt gitt eksamen i grunnskolen |
| Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale
eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag
til eksamensoppgåver. |
| Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast
i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar,
høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. |
| Eksamen kan organiserast i to delar, der den første delen
er ei førebuing og den andre delen er sjølve eksamen.
Førebuingsdelen kan vere på inntil 2 dagar og skal
normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget. |
| Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen
på inntil 30 minutt per elev. |
| Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av
to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre
sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren
har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det
er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. |
| Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere
eksaminator. Eksamineringa skal gi elevane høve til å
syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Dersom
det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den
eksterne sensoren som avgjer. |
|
| § 3—30.
Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring
|
| Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa
av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til
å utarbeide forslag til eksamensoppgåver. |
| Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal
prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar,
søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje
reknast med. |
| Eksamen kan organiserast i to delar der den første
delen er ei førebuing og den andre er sjølve eksamen.
Førebuingsdelen kan vere på inntil 2 dagar og skal
normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget. |
| Rammene for eksamenen på eksamensdagen skal
vere: |
a) |
skriftleg eksamen - inntil 5 timar |
b) |
munnleg eksamen - inntil 30 minutt per elev eller privatist
|
c) |
munnleg-praktisk eksamen - inntil 45 minutt per elev eller privatist
|
d) |
praktisk eksamen - inntil 5 timar. |
| Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast
av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre
sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren
har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det
er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor
ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram
kan det også oppnemnast ein fagarbeidar med praksis frå
arbeidslivet. |
| Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine
sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi elevane høve
til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg.
Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det
den eksterne sensoren som avgjer. |
|
| § 3—31.
Hjelpemiddel til eksamen |
| Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet
fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt
gitt eksamen. |
| Ved lokalt gitt eksamen fastset skoleeigaren kva hjelpemiddel
som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje
grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven eller privatisten.
|
|
| § 3—32.
Særskild tilrettelegging av eksamen |
| Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging
skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få
vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i
læreplanverket. Tiltaka må vere tilpassa behova til
eleven og privatisten så langt råd er. |
| Tiltaka må ikkje føre til at eleven eller privatisten
får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging
ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så
omfattande at eleven eller privatisten ikkje blir prøvd
i kompetansemåla i fag i læreplanverket. Der det i
kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske
ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til
rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde,
når slik prøving er fastsett i eksamensforma for
faget. |
| Rektor avgjer etter søknad kva for ordningar som skal
nyttast for elevar. Avgjerda til rektor er eit enkeltvedtak som
kan påklagast til fylkesmannen. Rektor kan krevje uttale
frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging
av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning. |
| Privatistar må leggje fram ein sakkunnig uttale. Fylkeskommunen
avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast.
Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast
til fylkesmannen. |
|
| § 3—33.
Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
|
| Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i
eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han
eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg
for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært. |
| Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett
og ny eksamen. |
|
| § 3—34.
Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
|
| Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen,
har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande
eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.
|
| Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande
eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga
i faget fell bort. |
|
| § 3-35.
Utsett eksamen for elevar og privatistar i vidaregåande
opplæring |
| Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær
ved ordinær eksamen og særskild eksamen, eller ein
elev som har dokumentert fråvær ved ny eksamen, har
rett til å framstille seg til første etterfølgjande
eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget. |
| Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande
eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell
standpunktvurdering i faget fell bort. |
| Fråvær frå eksamen blir rekna som dokumentert
når eleven eller privatisten er hindra frå å
møte til eksamen, hindringa er uføreseieleg og han
eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Eleven eller privatisten
må leggje fram dokumentasjon på dette. |
| Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal
trekkinga av fag gjerast på ny. |
|
| § 3-36.
Bortvising frå eksamen |
| Elevar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre
gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein
elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna,
kan eleven eller privatisten, etter å ha blitt åtvara,
visast bort. Bortvising skal avgjerast av rektor sjølv
og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen.
Eleven eller privatisten skal ha høve til å uttale
seg munnleg for rektor før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket
om bortvising. |
| Dersom ein elev i vidaregåande opplæring
eller ein privatist får medhald i klagen, har han eller
ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande
eksamen. |
|
| § 3-37.
Annullering av eksamen |
| Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen,
eller dersom eksamen av anna årsak ikkje er avvikla i samsvar
med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.
|
| Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han
eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert.
|
| Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som
har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet,
har rett til å gå opp til ny eksamen ved første
etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg
gi dispensasjon frå krava til vitnemål i §
3-42 dersom omsynet til elevane tilseier det. |
| Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven eller privatisten
har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette
gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller
forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering
av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv for elevar.
Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før
rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. For privatistar
avgjerast spørsmålet av fylkeskommunen. Privatistar
skal ha høve til å uttale seg munnleg for fylkeskommunen
før enkeltvedtak om annullering av eksamen blir fatta.
Eleven eller privatisten har likevel rett til å fullføre
eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av
eksamen kan påklagast til Fylkesmannen. |
| For elevar som får eksamen annullert på grunn av
fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren
bort. |
| Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert
på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan
kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast
eitt år etter den annullerte eksamenen. |
|
| VI.
Dokumentasjon |
|
| |
| § 3-38.
Rett til dokumentasjon |
| Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett
til å få opplæringa dokumentert. Elevar som
har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på
å få denne dokumentert. |
| Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.
|
| Privatistar, inkludert praksiskandidatar, som har vore oppe
til eksamen eller fag- eller sveineprøve, har rett til
å få dette dokumentert. |
| Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som
oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett
til ny dokumentasjon. |
| Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut
ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men
dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. |
|
| § 3-39.
Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær
|
| Skoleeigar skal ha eit forsvarleg system for føring av
karakterar og fråvær, jf.
Opplæringslova § 13-10 første ledd. |
| Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar,
eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøva
og kompetanseprøva skal førast inn i systemet skoleeigar
bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar
i orden og åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane
er førte inn. |
| Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter
at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan
endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast
av rektor. |
| Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter Opplæringslova
§ 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte
i systemet for føring av karakterar. |
|
| Særskild
om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa |
|
| |
| § 3-40.
Vitnemål i grunnskolen |
| Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører
grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til eleven skal innehalde
standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og fråvær.
|
| Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk
og samisk tekst. |
| Elevar i skole for spesialundervisning og elevar i fengselsundervisning
skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen
på heimstaden når eleven eller foreldra ber om det.
Skoleeigaren i bustadkommunen til eleven skal opplyse om denne
retten. |
| For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt
fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast
karakter i faget på vitnemålet. Det skal då
førast på vitnemålet at vurdering ikkje var
mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast
som standpunktkarakter. |
| Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få
dette ført på vitnemålet dersom eleven eller
foreldra ønskjer det. |
| Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med
karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført
grunnskoleopplæringa. |
|
| § 3-41.
Føring av fråvær i grunnskolen
|
| Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær
førast på vitnemålet. Fråvær skal
førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast
til dagar. |
| Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka
til fråværet blir ført på eit vedlegg
til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt
fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
|
| Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon
av fråværet frå opplæringa på førehand.
|
| For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår,
kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje
vert ført på vitnemålet: |
a) |
dokumentert fråvær som skyldast
helsegrunnar |
b) |
innvilga permisjon etter Opplæringslova
§ 2-11. |
| For at fråvær som skyldast helsegrunnar
etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet,
må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer
dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare
meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå
og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for
fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming
eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå
og med første fråværsdag. |
|
| Særskilt
om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring |
|
| |
| § 3-42.
Vitnemål i vidaregåande opplæring
|
| Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått
opplæringsløp som gir studie- og/eller yrkeskompetanse.
Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med
norsk og samisk tekst. |
| For å få vitnemål må alle fag og eksamenar
som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket,
vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå
dette kravet med heimel i § 1-11
til § 1-13, § 3-20 til
§ 3-23, § 3-44 og §
23-1. |
| Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven
fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål
skal skrivast ut av den skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet.
Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut vitnemål
til lærlingar og privatistar som ikkje tidlegare har fått
vitnemål. For privatistar som tidlegare har fått vitnemål
som elev, skal skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet,
også skrive ut nye vitnemål for han eller henne. |
|
| § 3-43.
Førstegongsvitnemål |
| Førstegongsvitnemål, jf.
§ 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til
høgare utdanning, blir gitt til den som ved utløpet
av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp
i læreplanverket, har bestått vidaregåande opplæring
som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre
karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild
eksamen etter § 3-33, utsett
eksamen etter § 3-35 og ny eksamen
etter § 3-36 eller §
3-37 på førstegongsvitnemålet. |
| Førstegongsvitnemål kan berre skrivast
ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel
ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på
grunnlag av klage. |
| Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet
karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid.
Det er mogleg å få ført på karakterar
i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse,
og som er oppnådde innan utløpet av normal tid. |
| Kravet om gjennomført vidaregåande
opplæring på normal tid kan etter søknad bli
utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom det blir
lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore
fråverande frå opplæringa ein lengre periode
i løpet av eit opplæringsår på grunn
av eitt eller fleire av desse forholda: |
a) |
vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører
internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid
|
b) |
vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører
folkehøgskole, verneplikt eller i minst seks månader
av opplæringsåret utfører omsorgsarbeid |
c) |
vedkommande har hatt fråvær på
grunn av langvarig sjukdom |
d) |
vedkommande har innanfor denne perioden fått
innvilga søknad om omval etter Opplæringslova
§ 3-1 fjerde ledd |
e) |
vedkommande har fått rett til ekstra opplæringstid
etter reglane i Opplæringslova
§ 3-1 femte ledd. |
| Føresegna gjeld og for elevar som er tekne
inn til vidaregåande opplæring etter læreplanverket
over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig
vidaregåande opplæring og idrettsutøving. |
|
| § 3-44.
Unntak for elevar og lærlingar frå vilkåra for
å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram
|
| Elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdanningsprogram
som har følgt opplæringa, men ikkje bestått
i inntil to av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga
for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få
utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål
som gir generell studiekompetanse. Samtykke til slikt unntak kan
bli gitt etter søknad når eleven eller lærlingen
|
a) |
har vore friteken for vurdering med
karakter i faget/faga i grunnskolen |
b) |
har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga
i den vidaregåande skolen |
c) |
har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese-
og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar
kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller
eksamen har vore gjennomført. |
| I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal
eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål,
kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.
|
| Før søknader om unntak kan bli behandla,
skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra
er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før
søknader om unntak etter første ledd bokstav c kan
bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for å
få utarbeidd slik vurdering. |
| Rektor avgjer søknad om unntak i samsvar
med vilkåra. Eleven eller lærlingen kan ikkje få
førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen. |
|
| § 3-45.
Kompetansebevis |
| Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande
opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få
vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte. |
| Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar
som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast
standpunktkarakter på lågare nivå, jf.
læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter
som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret,
førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven
ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket
fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast
ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga
med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon
på gjennomgått opplæring i dei tilfella der
eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.
|
| For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane
der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar.
Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis
for lærlingar, lærekandidatar og privatistar. |
|
| § 3-46.
Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
|
| For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar
førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket
når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering
med karakter i fellesfag på lågare nivå skal
ikkje førast på vitnemålet. |
| I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar
som er oppnådde på kvart nivå, førast
på dokumentasjonen. |
| I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar
kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive
faget på lågare nivå, jf.
§ 3-13, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på
høgaste nivå førast. |
| Det er mogleg å få ført på vitnemålet
karakterar i fag som går utover minstekravet til studie-
eller yrkeskompetanse. |
| For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast
på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og
eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får
eksamenskarakteren ført på vitnemålet. |
| For elevar som får fritak frå vurdering, jf.
§ 3-22, men ikkje fritak frå opplæring i
skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål
stå «Delteke» på vitnemålet eller
kompetansebeviset, ikkje talkarakter. For privatistar skal det
stå «Friteken». |
| For elevar i vidaregåande opplæring med individuell
opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje
standpunktkarakter, jf. § 3-3,
§ 3-17 sjette ledd og 3-18,
skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.
|
|
| § 3-47.
Føring av fråvær i vidaregåande opplæring
|
| Alt fråvær skal førast på
vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal
førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast
til dagar. |
| Rektor kan avgjere om fråvær for den
som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller
berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær
førast på kompetansebeviset. |
| Eleven kan krevje at årsaka til fråværet
blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller
kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon
på årsaka til fråværet. |
| Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon
av fråværet frå opplæringa på førehand.
|
| For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår,
kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje
blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset
dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:
|
a) |
helse- og velferdsgrunnar |
b) |
arbeid som tillitsvald |
c) |
politisk arbeid |
d) |
hjelpearbeid |
e) |
lovpålagt oppmøte |
f) |
representasjon i arrangement på nasjonalt
og internasjonalt nivå. |
| For at fråvær som skyldast helsegrunnar
etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet
eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram
ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær
som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og
det er berre fråvær frå og med fjerde dagen
som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær
etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk
sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første
fråværsdag. |
| Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål
etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast
som fråvær. |
| Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er
medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at
inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs
høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet
eller på kompetansebeviset. |
|
| VII.
Særskilde føresegner for fag-/sveineprøva
og kompetanseprøva |
|
| |
| § 3-48.
Fag- og sveineprøve |
| Fylkeskommunen har ansvaret for at fag- og sveineprøva
blir gjennomført i samsvar med reglane i dette kapitlet
og med læreplanen i faget. Fylkeskommunen har ansvaret for
at prøvekandidatane er kjende med føresegnene som
regulerer prøva. |
| Fag- og sveineprøva skal som hovudregel gjennomførast
ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta
seinast innan to månader frå dette tidspunktet. |
| Prøva skal gjennomførast i den bedrifta lærlingen
har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir
gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast
verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta
råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva
skal haldast ein annan stad. |
|
| § 3-49.
Kompetanseprøve for lærekandidatar |
| Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøva blir
gjennomført i samsvar med reglane i dette kapitlet og med
dei opplæringsmåla som er fastsette for kandidaten,
jf. Opplæringslova
§ 4-4. Fylkeskommunen har ansvaret for at prøvekandidatane
er kjende med føresegnene som regulerer prøva. |
| Kompetanseprøva skal som hovudregel gjennomførast
ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta
seinast innan to månader frå dette tidspunktet. |
| Prøva skal gjennomførast i den bedrifta lærekandidaten
har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir
gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast
verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan etter å ha innhenta
råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva
skal haldast ein annan stad. |
|
| § 3-50.
Melding til fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
|
| Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen eller
eleven til fag- eller sveineprøva. Lærebedrifta melder
lærekandidaten til kompetanseprøva. Meldinga skal
sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten
eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal
meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om melding
av praksiskandidatar sjå §
3-55. |
|
| § 3-51.
Krav om bestått i fag for å framstille seg til fag-
og sveineprøve for lærlingar og elevar
|
| Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast,
skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått
dei faga som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2
og eventuelt Vg3 i skole for vedkommande yrkesfaglege utdanningsprogram.
Det same gjeld for eksamen etter §
3-52, § 3-53 og §
3-54. |
| Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa,
men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel
få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Desse
lærlingane og elevane må bestå faga innan to
år etter at fag- eller sveineprøva er halden, for
at fag- eller sveinebrev kan utferdast. Sjå likevel unntak
frå dette i § 3-67. |
|
| § 3-52.
Eksamen i læretida for særskilde lærefag
|
| Det kan i læreplanen for det einskilde lærefaget
fastsetjast at eleven eller lærlingen skal gå opp
til ein eigen eksamen før fag- eller sveineprøva.
|
| Eksamenen blir halden i regi av fylkeskommunen.
Eksamenen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt. |
|
| § 3-53.
Eksamen i læretida for særløpsfag
|
| For det einskilde særløpsfaget er det
fastsett i læreplanen for opplæring i bedrift at alle
skal gå opp til ein eigen eksamen før fag- eller
sveineprøva. Lærebedrifta melder lærlingen
opp til eksamen. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det
fylket der lærekontrakten er registrert. |
| Eksamenen blir halden i regi av fylkeskommunen.
Eksamenen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt. |
|
| § 3-54.
Vurdering for lærlingar som har lærekontrakt som omfattar
opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga
for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole |
| Når det i ein lærekontrakt inngår opplæring
i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1,
Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, skal lærlingen gå opp
til ein eksamen etter nærmare føresegner frå
Utdanningsdirektoratet. |
| Eksamen skal prøve i kva grad lærlingen har nådd
kompetansemåla som er fastsette i den læreplanen for
opplæring i bedrift som lærlingen har teikna lærekontrakt
i. |
| I lærefag som kjem inn under §
3-52, skal eksamen prøve i kva grad lærlingen
har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga
for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole. |
| Eksamen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamen utarbeidast
sentralt og sensurerast lokalt. |
| Lærebedrifta melder lærlingen opp til eksamen. Meldinga
skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten
er registrert. |
|
| § 3-55.
Særlege føresegner om fag- og sveineprøve
for praksiskandidatar |
| Praksiskandidatar, jf.
Opplæringslova § 3-5, må sjølve melde
seg til fag- og sveineprøve. Meldinga går til fylkeskommunen
innan fristar som fylkeskommunen fastset. Innhaldet i og omfanget
av fag- og sveineprøva er fastsett i §
3-57. |
| Før praksiskandidatar melder seg til fag- eller sveineprøve,
skal dei ha bestått ein eigen eksamen etter nærmare
føresegner frå Utdanningsdirektoratet. |
| Eksamen skal prøve i kva grad den einskilte praksiskandidaten
har nådd kompetansemåla som er fastsette i den læreplanen
for opplæring i bedrift som praksiskandidaten tek sikte
på å ta fag- eller sveineprøve i. |
| I lærefag som kjem inn under §
3-52, skal eksamen prøve i kva grad den einskilte praksiskandidaten
har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga
for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, og som er relevante for
lærefaget. Eksamen skal vere bestått før ein
praksiskandidat melder seg til fag- eller sveineprøve.
|
| Eksamen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt. |
| Dersom prøvenemnda ber om det, kan praksiskandidaten
kome med forslag til kvar fag- eller sveineprøva kan haldast,
og korleis prøva kan gjennomførast. |
| Dersom praksiskandidaten ikkje består fag- eller sveineprøva,
kan ny prøve tidlegast haldast etter seks månader.
|
| Praksiskandidatar skal betale prøveavgift etter fastsette
satsar. |
|
| § 3-56.
Prøvenemnd for fag- og sveineprøve |
| Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd
og administrert av fylkeskommunen, jf.
Opplæringslova § 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer
som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og
så langt det er mogleg, har oppdatert arbeidslivserfaring
i faget. Fylkeskommunen skal sikre at det blir tilfredsstillande
vurderingsfagleg kompetanse i prøvenemnda. |
| Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda
frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig
hente inn forslag også frå andre. |
| Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta
eller skolen der kandidaten har fått opplæring. |
|
| § 3-57.
Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva
|
| Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av
fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen
som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag
til arbeidsoppgåver. |
| Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten
sin kompetanse i faget slik denne er beskriven i læreplanen
for opplæring i bedrift i lærefaget. Alle kompetansemåla
i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Arbeidsoppgåvene
i prøva skal reflektere krava til fagleg kompetanse. Prøvenemnda
har ansvar for at kandidaten sin kompetanse i faget blir prøvd
på forsvarleg måte. |
| Oppgåva skal klart definere innhaldet i det
ein forventar av kandidaten sitt arbeid. Innanfor ramma av kompetansemåla
i læreplanen skal oppgåva prøve kandidaten
i |
a) |
planlegging av arbeidet og grunngiving
for valde løysingar |
b) |
gjennomføring av eit fagleg arbeid |
c) |
vurdering av eige prøvearbeid |
d) |
dokumentasjon av eige prøvearbeid. |
| Omfanget av prøva skal vere klart definert
og innanfor den tidsramma som er fastsett i læreplanen.
|
| Prøvenemnda kan i ein oppsummerande samtale
til slutt stille spørsmål til fagleg avklaring. |
| Oppgåva må utformast slik at ho gir
kandidaten reell moglegheit til å utføre eit kvalitetsmessig
godt arbeid innanfor fastsett tidsramme. Dei hjelpemidla kandidaten
har brukt i læretida, skal kunne nyttast under prøva.
Det skal gå tydeleg fram korleis dei ulike delane av prøva
skal leverast. |
| I tillegg til oppgåva, skal prøvenemnda
samstundes utarbeide eit grunnlag for vurdering av kandidaten
sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta i grunnlaget
skal gjerast klare for kandidaten. |
|
| § 3-58.
Gjennomføring av fag- og sveineprøva |
| Prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved
prøvestart og prøveslutt, og skal utføre
nødvendig inspeksjon og vurdering av kandidaten sitt arbeid
i prøveperioden og ved prøveslutt. Fylkeskommunen
er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva.
Prøvenemnda kan ikkje delegere ansvaret for å vurdere
kandidaten til tilsynspersonar. |
| Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva
til kandidaten. |
| Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike
sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte.
Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan
gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa
i ei eventuell klagebehandling. |
|
| § 3-59.
Vurdering av fag- og sveineprøva |
| Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik
han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva, og fastsetje
karakter. |
| Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd
måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd
i. |
| Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i §
3-4 sjette ledd, brukast. |
| Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene i
prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er
usemje når stemmetalet er likt. |
|
| § 3-60.
Utarbeiding, innhald og vurdering av kompetanseprøva
|
| Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøver blir
utarbeidde og vurderte. Lærekandidatane skal prøvast
i forhold til dei måla som er fastsette for kandidaten,
jf. Opplæringslova
§ 4-4. Innanfor dei rammene som opplæringsmåla
set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter
same prinsipp som for fag- og sveineprøver, jf.
§ 3-57 og § 3-58. |
| Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd
måla som er fastsette for kandidaten. |
| Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i §
3-4 sjette ledd, brukast. |
| Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført protokoll
der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir
dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande
at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa
i ei eventuell klagebehandling. |
|
| § 3-61.
Oppbevaring av prøvearbeid for fag- og sveineprøva
|
| Er fag- eller sveineprøva ikkje bestått, skal prøvenemnda
i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet.
Prøvearbeidet skal så langt råd er, takast
vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom
prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det
sikrast med fotografi eller ei nøyaktig beskriving med
tanke på framlegging i ei eventuell klagebehandling. |
|
| § 3-62.
Ny fag- og sveineprøve og kompetanseprøve
|
| Dersom fag- eller sveineprøva eller kompetanseprøva
ikkje er bestått, kan lærlingen, eleven eller lærekandidaten
melde seg til ny prøve. Læretida kan eventuelt bli
forlengd ved frivillig avtale mellom lærebedrifta og lærlingen
eller lærekandidaten. Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa
av ny fag- eller sveineprøve eller kompetanseprøve.
Fylkeskommunen dekkjer utgiftene som lærebedrifta har med
å gjennomføre prøva. |
| Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag-
eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve.
Denne kan tidlegast takast seks månader etter prøva
som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve
melde seg til ny fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.
|
|
| § 3-63.
Utsett fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
|
| Ein lærling, elev, praksiskandidat eller lærekandidat
som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva
eller kompetanseprøva, har rett til å framstille
seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast
så snart det er praktisk mogleg. |
| Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert
når lærlingen, lærekandidaten eller praksiskandidaten
er hindra frå å stille til prøva, når
hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan
lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon
på dette. |
| Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett
fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.
|
|
| § 3-64.
Særleg tilrettelegging av fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
|
| Lærlingar, lærekandidatar, elevar eller praksiskandidatar
med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få
forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen
sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget.
Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva
eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd.
Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, lærekandidaten
og praksiskandidaten så langt råd er. |
| Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, lærekandidaten,
eleven eller praksiskandidaten får fordelar framfor andre
som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga
må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen,
lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten ikkje blir
prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget.
Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller
praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje
til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir
prøvde. |
| Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar
som skal nyttast for lærlingar, lærekandidatar, elevar
og praksiskandidatar. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak
som kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen
kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild
tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.
|
|
| § 3-65.
Reaksjonsmåtar ved fusk |
| Fag-/sveineprøve og kompetanseprøve kan annullerast
dersom kandidaten har fuska eller forsøkt å fuske
ved prøva. |
| Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva
skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven
som kan annullere kompetanseprøva. Lærlingen, lærekandidaten,
eleven eller praksiskandidaten skal ha høve til å
uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det
blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen,
lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten har likevel
rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om
annullering av fag- og sveineprøve eller kompetanseprøve
kan påklagast til fylkesmannen. |
| Dersom fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva
blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på
fusk, kan kandidaten gå opp til ny prøve tidlegast
eit år etter den annullerte prøva. |
|
| § 3-66.
Bortvising frå fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
|
| Lærlingar, lærekandidatar, eleven og
praksiskandidatar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa
av fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva. Dersom
åtferda til ein kandidat er i strid med denne føresegna,
kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort.
Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om
bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen
avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå kompetanseprøva.
Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg
for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak
om bortvising. |
| Dersom ein kandidat får medhald i klage på
bortvising, har han eller ho rett til ny fag-/sveineprøve
eller kompetanseprøve. |
|
| § 3-67.
Krav til fag- og sveinebrev |
| Fag- eller sveinebrev blir utferda som dokumentasjon
for bestått fag- eller sveineprøve. |
| Før fag- eller sveinebrev kan utferdast,
må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått.
|
| I særskilde tilfelle kan fag- eller sveinebrev
likevel utferdast til lærlingar og elevar sjølv om
dei ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, jf.
§ 3-51 andre ledd. Samtykke til slikt unntak kan bli
gitt når: |
a) |
lærlingen eller eleven har vore
friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i grunnskolen
|
b) |
lærlingen eller eleven har vore friteken for
vurdering med karakter i faget eller faga i den vidaregåande
skolen |
c) |
lærlingen eller eleven har spesifikke lærevanskar,
t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar.
Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren
er sett eller eksamen eller fagprøva er gjennomført.
|
| Før søknader om unntak kan behandlast,
skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra
er oppfylte. Før søknader om unntak etter punkt
c) kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig
vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Fylkeskommunen
avgjer søknader om unntak i samsvar med vilkåra ovanfor.
Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen til læreforhold.
Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak etter
denne føresegna. |
| Praksiskandidatar er fritekne frå kravet til
fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.
|
| I dei lærefaga der det er knytt offentleg
nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda fag-
eller sveinebrev, kan ein ikkje gi fritak i strid med slike sertifiseringsføresegner.
Dette gjeld både elevar, lærlingar og praksiskandidatar.
|
| Fylkeskommunen skal gjere bedriftene merksame på
dei høva til unntak og fritak som en nemnde ovanfor, når
det blir teikna kontrakt. |
| Fylkeskommunen er ansvarleg for utferding av fag-
eller sveinebrev. |
|
| § 3-68.
Vitnemål og kompetansebevis |
| Det skal også utferdast vitnemål som dokumentasjon
for bestått fagopplæring, jf.
§ 3-42. Vitnemålet kjem i tillegg til fag- eller
sveinebrev. |
| Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande
opplæring når vilkåra for å få fag-
eller sveinebrev eller vitnemål ikkje er oppfylte. Krava
til kva kompetansebeviset skal vise, står i §
3-45. |
| Kven som er ansvarleg for å utferde vitnemål og
kompetansebevis, er regulert i §
3-42 og § 3-45. |
|
|
| |
| Ord
for dagen |
2539 |
Den store ulempen ved nye bøker er at de hindrer
oss i å lese
de gamle. |
Joseph
Joubert |
|
|
| |
|