Barnelova |
|
Kapittel 5. |
Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast |
| §
30. Innhaldet i foreldreansvaret |
| Barnet har krav på omsut og omtanke frå
dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å
ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei
grensene som §§ 31 til 33
set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet
sine interesser og behov. |
| Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å
gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for
at barnet får utdanning etter evne og givnad. |
| Barnet må ikkje bli utsett for vald eller
på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske
helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg
når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk
av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus
åtferd overfor barnet er forbode. |
| Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske
tilhøve gjeld reglane i Verjemålslova
22. april 1927 nr. 3. |
| §
30a. Avtale om ekteskap |
| Ein avtale foreldre eller andre gjer om ekteskap
på vegne av barnet, er ikkje bindande. |
| §
31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd |
| Etter kvart som barnet utviklast og mognast, skal
foreldra høyre kva barnet har å seie før dei
tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dei skal
leggje vekt på det barnet meiner. Det same gjeld for andre
som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere. |
| Når barnet er fylt 12 år, skal det
få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege
tilhøve for barnet, herunder i sak om kven av foreldra
det skal bu hos. Det skal leggjast stor vekt på kva barnet
meiner. |
| §
32. Utdanning, medlemskap i foreiningar |
| Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv
spørsmål om val av utdanning og om å melde
seg inn i eller ut av foreiningar. |
| §
33. Barnet sin sjølvråderett |
| Foreldra skal gje barnet stendig større
sjølvråderett med alderen og fram til det er myndig.
|
| §
34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte |
| Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman
for sams barn. |
| Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale
at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal
ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd etter tredje
stykket eller § 38 ligg føre,
har dei foreldreansvaret saman. |
| Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret,
kan kvar av dei reise sak om spørsmålet for retten.
Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen.
Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret
og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel
om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først
og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane
skal møte til mekling før saka vert ført
inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare
forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova
§§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande. |
| §
35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte |
| Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman,
jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine. |
| Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman
for sams barn. |
| Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret
saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til
folkeregistermyndigheita om at dei skal ha foreldreansvaret saman
eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine. |
| Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men
barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane
i § 37. |
| §
36. Kvar barnet skal bu fast |
| Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu
fast hos anten ein av dei eller begge. |
| Er foreldra usamde, må retten avgjere at
barnet skal bu fast hos ein av dei. Dersom det ligg føre
særlege grunnar, kan retten likevel avgjere at barnet skal
bu fast hos begge. |
| §
37. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman
med |
| Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur
fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot
at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege
sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet
skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større
avgjerder om dagleglivet. |
| §
38. Foreldreansvaret etter dødsfall |
| Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret
saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom
den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg eller overlagt
å ha valda at den andre er død, skal tingretten ta
førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i §
60 a. |
| Bur barnet saman med begge foreldra og den eine
av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret
aleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar.
Dette gjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltala
eller dømd slik det er omtala i første stykket andre
punktum. |
| Fører dødsfall til at ingen lenger
har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen, namsfuten
eller politistasjon med sivile rettspleieoppgåver eller
tingretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga.
Tingretten skal ta avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i
§ 63. |
| Andre enn foreldra kan krevje å få
foreldreansvaret til barnet etter dødsfall etter reglane
i § 63. |
| For den eller dei som får foreldreansvaret,
gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.
|
| §
39. Registrering av foreldreansvaret |
| Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast
til folkeregistermyndigheita. Avtale om foreldreansvar som ikkje
er meldt til folkeregistermyndigheita er ikkje gyldig. Dersom
farskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same
adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita
at dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera at
foreldra har foreldreansvaret saman. Dersom farskap eller medmorskap
er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse
eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at
dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera at foreldra
har foreldreansvaret saman. |
| §
40. Flytting med barnet til utlandet |
| Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine,
kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet.
Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje
til at barnet skal flytte til utlandet. |
| Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret
eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje
flytte ut av landet før saka er avgjort. |
| §
41. Utanlandsferd med barnet |
| Den som har sams foreldreansvar eller foreldreansvaret
åleine, kan ta barnet med på stuttare utanlandsferder.
Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod
mot utanlandsferd med barnet, dersom det er uvisst om barnet vil
kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment,
og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet
skal bu saman med eller samværsrett. Retten kan ta førebels
avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord. |
| I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet
førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller
barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast
bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord.
|
| Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome
attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod
fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande.
|
| Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret,
kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykkje frå
den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå
den som vil reise, gje samtykke til utanlandsferd med barnet når
det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket
tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet. |
|
|