Opplæringslova |
|
|
Kapittel 2. |
Grunnskolen |
| §
2-1. Rett og plikt til grunnskoleopplæring |
| Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring,
og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar
med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan
ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller
gjennom anna, tilsvarande opplæring. |
| Retten til grunnskoleopplæring gjeld når
det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader.
Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet
har vart i tre månader. Departementet kan i særlege
tilfelle frita elevar frå denne plikta. |
| Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til
det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter
sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt
i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til
å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev
det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå
foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje
skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det
eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkynnig vurdering la eit
barn ta til på skolen eitt år før når
det innan 1. april har fylt 5 år. |
| Retten og plikta til opplæring varer til
eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter sakkunnig
vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen
heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta
dersom omsynet til eleven tilseier det. |
| Dersom ein elev utan å ha rett til det har
fråvære frå den pliktige opplæringa, kan
foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med
bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla
forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist
utan når kommunen set fram krav om slik påtale. |
| §
2-2. Omfanget av grunnskoleopplæringa i tid |
| Departementet gir forskrifter om samla tid til
opplæring i grunnskolen. |
| Kommunen kan gi forskrifter om undervisningstid
ut over timerammene i forskriftene etter første leddet.
Kravet i § 38 første
leddet bokstav c i Forvaltningslova om kunngjering i Norsk
Lovtidend gjeld ikkje. |
| Opplæringa skal strekkje seg over minst 38
skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i
skoleåret. |
| Kommunen gir forskrifter om skole- og feriedagar
i skoleåret for elevane. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga
av nasjonale prøver.
Kravet i § 38 første leddet bokstav c i Forvaltningslova
om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. |
| Departementet kan gi forskrifter om rammer for
dagleg skoletid og om pausar for elevane. |
| §
2-3. Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa |
| Grunnskoleopplæringa skal omfatte religion,
livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving,
kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk
og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter
§ 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og
elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring
på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor
skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet
gitt i forskrifter etter § 2-2
skal brukast. |
| Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn.
Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet omfattar
8.-10. årstrinn. |
| Departementet gir forskrifter om fag, om mål
for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og
om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir
forskrifter om aktivitetar som ikkje er opplæring i fag.
Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar
og om klage på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.
|
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa.
Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre
opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova
her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første
leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med §
1-1 og forskrifter etter § 1-5.
|
| Etter søknad frå kommunen kan departementet
gi ein skole løyve til avvik frå første leddet
og frå forskrifter om læreplanar dersom kravet til
opplæringa samla ikkje blir mindre. Før slikt løyve
blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå
samarbeidsutvalet. |
| §
2-3a. Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa |
| Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra
sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten
til likeverdig opplæring. |
| Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra
få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte
skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn
opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning
til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever
som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig
å grunngi melding om fritak etter første punktum. |
| Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring
om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom
skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om
fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak
i Forvaltningslova. |
| Skolen skal ved melding om fritak sjå til
at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa
opplæring innanfor læreplanen. |
Skoleeigaren skal årleg informere elevane
og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak
og om innhaldet i opplæringa. |
| Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv
skriftleg melding som nemnt i første ledd. |
| § 2-4.
Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk |
| Religion, livssyn og etikk er eit ordinært
skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget
skal ikkje vere forkynnande. |
| Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal
gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn,
kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv
og til etiske og filosofiske emne. |
| Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal
bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske
med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
|
| Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal
presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv,
kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa
skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna. |
| §
2-5. Målformer i grunnskolen |
| Kommunen gir forskrifter om kva målform som
skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet
skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid.
Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv
kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke. |
| I den munnlege opplæringa avgjer elevane
og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål
dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel
i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane
i ordval og uttrykksmåtar. |
| Foreldra vel målform i lærebøkene
til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8.
årstrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa
skal elevane ha lærebøker på hovudmålet. |
| Når minst ti elevar på eitt av årstrinna
1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på
eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei
rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld
så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa.
Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen,
vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast
ved. |
| Elevar som blir overførte til ein ny skole
med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna
1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på
det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning
i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er. |
| Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane
ha opplæring i begge målformer. Departementet kan
gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet
for elevar som får særleg språkopplæring. |
| I samband med skifte av hovudmål eller når
eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre
krev det, skal det haldast rådgjevande røysting.
Røysterett har alle som bur i det området i kommunen
som soknar til skolen, jf. § 8-1,
og som har røysterett etter Valgloven
§ 2-2. Røysterett i høve til skriftleg
opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn
på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.
Departementet kan gi nærmare forskrifter. |
| §
2-6. Teiknspråkopplæring i grunnskolen |
| Elevar som har teiknspråk som førstespråk
eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring,
har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk.
Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa
fastsetjast i forskrifter etter §
2-2 og § 2-3 i denne lova. |
| Kommunen kan bestemme at opplæringa i og
på teiknspråk skal givast på ein annan stad
enn den skolen eleven soknar til. |
| Barn under opplæringspliktig alder som har
særlege behov for teiknspråkopplæring, har rett
til slik opplæring. Departementet gir nærmare forskrifter. |
| Før kommunen gjer vedtak etter første
og tredje leddet, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. |
| §
2-7. Finskopplæring for elevar med kvensk-finsk bakgrunn
|
| Når minst tre elevar med kvensk-finsk bakgrunn
ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett
til opplæring i finsk. Omfanget av opplæringa i tid
og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter
§ 2-2 og §
2-3 i denne lova. Frå og med 8. årstrinnet vel
elevane sjølv om dei vil ha opplæring i finsk. |
| Departementet kan gi forskrifter om alternative
former for opplæring etter første leddet når
opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale
på skolen. |
| §
2-8. Opplæring for elevar frå språklege minoritetar
|
| Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn
norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring
til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje
den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har
slike elevar også rett til morsmålsopplæring,
tospråkleg fagopplæring eller begge delar. |
| Morsmålopplæringa kan leggjast til
annan skole enn den eleven til vanleg går ved. |
| Når morsmålsopplæring og tospråkleg
fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale,
skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna
opplæring tilpassa føresetnadene til elevane. |
| Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har
i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring.
Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa
for elevar som får særskild språkopplæring
etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane
har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den
vanlege opplæringa i skolen. |
| Kommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod
for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom
heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe,
klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild
språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt
organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for
å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt
organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre
gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne
perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den
aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for
å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev
samtykkje frå elev eller føresette. |
| §
2-9. Ordensreglement og liknande |
| Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement
for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane
og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette
i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde
reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast
mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten
når slike saker skal behandlast. |
| Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane
og foreldra. Kravet i §
38 første leddet bokstav c i Forvaltningslova om kunngjering
i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. |
| Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling
må ikkje nyttast. |
| Før det blir teke avgjerd om refsing, blant
anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare
seg munnleg for den som skal ta avgjerda. |
| §
2-10. Bortvising |
| Kommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar
på årstrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger
bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil
tre dagar, og at elevar på årstrinna 1-7 kan visast
bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten
av dagen. |
| Rektor sjølv vedtek bortvising etter å
ha rådført seg med lærarane til eleven. Før
det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruke andre
hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på årstrinna
1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for
resten av dagen. |
| Med mindre kommunen fastset noko anna, kan rektor
bestemme at lærarane skal ha mynde til å ta avgjerd
om bortvising frå eiga undervisning for ei opplæringsøkt,
avgrensa til to klokketimar. |
| §
2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa |
| Når det er forsvarleg, kan kommunen etter
søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. |
| Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor
Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere
borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag.
Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer
for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven
kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida
er ute. |
| §
2-12. Private grunnskolar |
| Private grunnskolar må ha godkjenning av
departementet. Det skal givast godkjenning når skolen oppfyller
krava i andre og tredje leddet. Den som driv privat grunnskole
utan godkjenning, kan straffast med bøter. |
§§ 1-2,
1-3, 2-3,
2-3 a og 2-4
i lova med forskrifter gjeld for innhaldet og for vurdering
i privat grunnskole så langt reglane ikkje kjem i strid
med Noregs folkerettslege plikter. |
| For private grunnskolar gjeld også §§
2-2, 2-5 første, andre, tredje
og sjette ledd, 2-9, 2-10,
2-11, 8-2,
9-1, 9-2,
9-3, 9-4,
9-5, 9-6,
kapittel 9a, §§
10-1, 10-6, 10-9,
11-1, 11-2,
11-3*, 11-4,
11-7, 11-10,
13-3b, 13-7a,
13-10, 14-1,
15-3 og 15-4. |
| Departementet kan gjere unntak frå krava
i andre og tredje leddet for utanlandske og internasjonale grunnskolar
i Noreg. |
| Departementet kan gi forskrift om sakshandsamingsreglar
til utfylling av reglane i Tjenesteloven
om godkjenning av private grunnskolar etter føresegna her,
medrekna sakshandsamingsfrist og rettsverknader av fristoverskriding.
Unntak frå Tjenesteloven
§ 11 annet ledd kan berre gjerast når det er grunngitt
med tvingande allmenne omsyn, medrekna omsynet til barn og unge
under opplæring. Sakshandsamingsreglane kan vike av frå
reglane i Forvaltningslova.
|
| *§ 11-3 er
opphevd med lov 27 juni 2003 nr. 69. |
| §
2-13. Bruk av lova for privat opplæring i heimen |
| §§ 1-1, 1-3,
2-3 og 2-4
i lova med forskrifter gjeld for innhaldet i privat grunnskoleopplæring
i heimen så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs
folkerettslege plikter. |
| §
2-14. Punktskriftopplæring m.m. |
| Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til
nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring
i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har
også rett til nødvendig opplæring i å
ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet.
Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa
blir fastsett i forskrift etter §
2-2 og § 2-3 i denne lova.
Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal
det liggje føre sakkunnig vurdering. |
| §
2-15. Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring |
| Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring.
Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter
i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter
til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald,
ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa. |
| §
2-16. Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande
kommunikasjon (ASK) |
| Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell
tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon,
skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige
kommunikasjonsmiddel i opplæringa. |
| Når ein elev ikkje har eller kan få
tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet,
har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel
5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å
bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. |
|
|