Opplæringslova |
|
|
Kapittel 3. |
Vidaregåande
opplæring |
| §
3-1. Rett til vidaregåande opplæring for ungdom |
| Ungdom som har fullført grunnskolen eller
tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til
tre års heiltids vidaregåande opplæring. I fag
der læreplanen føreset lengre opplæringstid
enn tre år, har ungdommen rett til opplæring i samsvar
med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.
Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølv om
inntak til den vidaregåande opplæringa. |
| Elevar, lærlingar og lærekandidatar
har rett til opplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande
forskrifter. |
| Heile retten må normalt takast ut i løpet
av ein samanhengande periode på fem år, eller seks
år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt
i lærebedrift, og innan utgangen av det året vedkommande
fyller 24 år. Fylkeskommunen kan etter søknad gi
eleven, lærlingen eller lærekandidaten løyve
til utsetjing eller avbrot i opplæringa utan at retten tek
slutt. Departementet gir forskrifter om kva forhold som skal gi
rett til utsetjing eller avbrot. |
| Retten til vidaregåande opplæring blir
etter søknad om omval utvida med inntil eitt opplæringsår. |
| Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til
spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring
i inntil to år ekstra når eleven treng det i forhold
til opplæringsmåla for den enkelte. Før fylkeskommunen
gjer vedtak om utvida opplæringstid, skal det liggje føre
sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har. Retten
gjeld også for elevar som har rett til opplæring i
og på teiknspråk etter §
3-9, rett til opplæring i punktskrift etter §
3-10 eller rett til særskild språkopplæring
etter § 3-12. |
Søkjarar har rett til inntak til eitt
av tre alternative utdanningsprogram på vidaregåande
trinn 1 som dei har søkt på, og til to års
vidaregåande opplæring innanfor utdanningsprogrammet.
Søkjarar som etter kapittel 5
i lova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag
av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt
utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1, har rett
til inntak til dette utdanningsprogrammet etter forskrift fastsett
av departementet. |
| Fylkeskommunen skal tilby anna opplæring
dersom ein elev, ein lærling eller ein lærekandidat
har særlege vanskar med å følgje den opplæringa
som er vald. |
| Departementet gir forskrift om inntak. |
| Opplæringa i offentleg vidaregåande
skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har
ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte
og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje
påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette
utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan
påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane
å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa
til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet
kan gi nærmare forskrifter. |
| Ungdom med rett til vidaregåande opplæring
etter paragrafen her kan, etter søknad og når det
ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande
opplæring etter § 4A-3.
|
| §
3-2. Omfanget av den vidaregåande opplæringa i tid |
| Departementet gir forskrifter om samla tid til
opplæring i den vidaregåande opplæringa, også
om samla læretid for lærlingar og lærekandidatar. |
| Opplæringa i skole skal strekkje seg over
minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande
veker i skoleåret. |
| Fylkeskommunen gir forskrifter om skole- og feriedagar
i skoleåret for elevane. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga
av nasjonale prøver. Kravet
i § 38 første leddet bokstav c i Forvaltningslova
om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. |
| Departementet kan gi forskrifter om rammer for
dagleg skoletid og for pausar for elevane. |
| §
3-3. Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa
|
| Den vidaregåande opplæringa skal føre
fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse.
|
| Opplæringa i skole skal omfatte vidaregåande
trinn 1, vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn
3. Kvart trinn skal normalt ha lengd som eitt skoleår. |
| Fagopplæringa omfattar normalt to års
opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift.
Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping
i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år.
Departementet gir forskrift i medhald av §
3-4 første leddet om kva for fag som skal ha læretid
i bedrift, og nærmare føresegner om opplæringsordninga
for dei ulike faga. |
| Fylkeskommunen kan i det enkelte tilfellet godkjenne
lærekontrakt eller opplæringskontrakt som inneheld
unntak frå den fastsette opplæringsordninga. Departementet
kan gi nærmare forskrifter. |
Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring
i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må
også bedriftsdelen av opplæringa skje i skole. |
| Fylkeskommunen skal gi tilbod om opplæring
som lærlingar og lærekandidatar ikkje kan få
i lærebedrifta. |
| §
3-4. Innhald og vurdering i den vidaregåande opplæringa
|
| Departementet gir forskrifter om trinn og programområde,
om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa
i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet
gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar, lærekandidatar,
privatistar og praksiskandidatar, om klage på vurderinga,
om eksamen, om fag- og sveineprøve og om dokumentasjon.
Departementet gir forskrifter om godskriving av tidlegare gjennomgådd
opplæring eller praksis. |
| Elevane, lærlingane og lærekandidatane
skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet
skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar
med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere
skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og
i samsvar med §§ 1-1 og 3-3
og forskrifter etter § 1-5. |
| Departementet kan etter søknad frå
fylkeskommunen gi ein skole løyve til avvik frå forskrifter
om læreplanar. Før slikt løyve blir gitt,
må det liggje føre fråsegn frå skoleutvalet. |
| §
3-5. Fag- og sveineprøve utan læreforhold og skole
|
| Det er mogleg å ta fag- og sveineprøva
på grunnlag av allsidig praksis i faget som er 25 prosent
lengre enn den fastsette læretida. Fylkeskommunen avgjer
om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast, og kan
i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis. |
| §
3-6. Oppfølgingstenesta |
Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste
for ungdom som har rett til opplæring etter
§ 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid.
Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år.
Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten
etter § 3-8 eller §
4-6. |
| Departementet gir forskrifter om oppgåvene
til oppfølgingstenesta. |
| §
3-7. Ordensreglement og liknande |
| Fylkeskommunen skal gi forskrifter om ordensreglement
for den enkelte vidaregåande skolen. Reglementet skal gi
reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje
er fastsette i lov eller på ein annan måte. Reglementet
skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva for tiltak
som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar
om framgangsmåten når slike saker skal behandlast. |
| Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane
og foreldra. Kravet i §
38 første leddet bokstav c i Forvaltningslova om kunngjering
i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. |
| Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling
må ikkje nyttast. |
| Før det blir teke avgjerd om refsing, blant
anna om bortvising eller tap av rettar, skal eleven ha høve
til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. |
| §
3-8. Bortvising og tap av rettar |
| Fylkeskommunen kan fastsetje i ordensreglementet
at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan
visast bort i inntil fem dagar. Rektor sjølv vedtek å
vise bort ein elev etter leddet her etter å ha rådført
seg med lærarane til eleven. Med mindre fylkeskommunen fastset
noko anna, kan rektor bestemme at lærarane skal ha mynde
til å ta avgjerd om bortvising frå eiga undervisning
for ei opplæringsøkt, avgrensa til to klokketimar.
|
Når ein elev vedvarande har vist ei framferd
som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på
skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene
sine, kan eleven visast bort for resten av skoleåret.
I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret
kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten
til vidaregåande opplæring etter
§ 3-1. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ
på skolen å treffe vedtak etter leddet her om bortvising
eller tap av retten til vidaregåande opplæring.
|
| Før det blir gjort vedtak om bortvising
eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å
bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. |
| §
3-9. Teiknspråkopplæring i den vidaregåande
skolen |
| Ungdom som har rett til vidaregåande opplæring
etter § 3-1 og som har teiknspråk
som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering
har behov for slik opplæring, har rett til å velje
vidaregåande opplæring i og på teiknspråk
i eit teiknspråkleg miljø etter andre leddet, eller
rett til å velje å bruke tolk i ordinære vidaregåande
skolar. Det same gjeld vaksne som er tekne inn til vidaregåande
opplæring utan rett etter §
3-1. Før fylkeskommunen gjer vedtak om slik opplæring,
skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. |
| Med teiknspråkleg miljø er meint skolar
som har tilrettelagde opplæringstilbod i og på teiknspråk
for hørselshemma elevar. |
| Retten til opplæring i og på teiknspråk
etter andre leddet er avgrensa til dei utdanningsprogramma og
programområda desse skolane gir tilbod på. Delar av
dette opplæringstilbodet kan givast med tolk. |
| Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet
i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter §
3-2 og § 3-4 i denne lova. |
| Departementet kan gi nærmare forskrifter,
mellom anna om inntak. |
| §
3-10. Punktskriftopplæring m.m. |
| Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til
nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring
i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har
også rett til nødvendig opplæring i å
ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet.
Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa
blir fastsett i forskrift etter §
3-2 og § 3-4 i denne lova.
Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal
det liggje føre sakkunnig vurdering. |
| §
3-11. Mellomstatleg avtale om privat vidaregåande skole
|
| Departementet kan godkjenne ein privat vidaregåande
skole når det ligg føre ein mellomstatleg avtale
om dette. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak
frå krava i opplæringslova og frå forskrift
gitt i medhald av lova. |
| §
3-12. Særskild språkopplæring for elevar frå
språklege minoritetar |
| Elevar i vidaregåande opplæring med
anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild
norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk
til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.
Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring,
tospråkleg fagopplæring eller begge delar. |
| Morsmålsopplæringa kan leggjast til
ein annan skole enn den eleven til vanleg går på.
|
| Når morsmålsopplæring og tospråkleg
fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale,
skal fylkeskommunen så langt som mogleg leggje til rette
for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.
|
| Fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik elevane
har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild
språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast
undervegs i opplæringa for elevar som får særskild
språkopplæring etter føresegna, som grunnlag
for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk
til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.
|
| Fylkeskommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod
for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom
heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe,
klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild
språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt
organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for
å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt
organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre
gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne
perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den
aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for
å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev
samtykkje frå elev eller føresette. |
| §
3-13. Opplæring av elevar, lærlingar og lærekandidatar
med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) |
| Elevar, lærlingar og lærekandidatar
som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, og har behov
for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte
eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel
i opplæringa. |
| Når ein elev eller lærekandidat ikkje
har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære
opplæringstilbodet, har eleven eller lærekandidaten
rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel
5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk
av alternativ og supplerande kommunikasjon. |
|
|