Opplæringslova |
|
|
Kapittel 4A. |
Opplæring
spesielt organisert for vaksne |
| §
4A-1. Rett til grunnskoleopplæring for vaksne |
| Dei som er over opplæringspliktig alder,
og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring,
så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring
etter § 3-1. Retten til opplæring
omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål
for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa
skal tilpassast behovet til den enkelte. |
| Opplæringa og undervisningsmateriellet er
gratis. |
| §
4A-2. Rett til spesialundervisning på grunnskolens område
|
| Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få
tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
for vaksne, har rett til spesialundervisning. |
| Vaksne som har særlege behov for opplæring
for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande
dugleik, har rett til slik opplæring. |
| For opplæring etter denne paragraf gjeld
§§ 5-1 andre ledd bortsett frå
siste punktum, og §§ 5-3,
5-4, 5-5
og 5-6 tilsvarande. |
| §
4A-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne |
| Vaksne som har fullført grunnskolen eller
tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande
opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande
opplæring. Første punktum gjeld vaksne frå
og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa
for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan
oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet
gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar,
om inntak, rangering og førerett. |
| Vaksne som er tekne inn til vidaregåande
opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet.
Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande
opplæring etter første leddet. |
| I fag der læreplanen føreset lengre
opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til
opplæring i samsvar med den opplæringstida som er
fastsett i læreplanen. |
| Opplæringa i offentleg vidaregåande
skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har
ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande
opplæring, med nødvendige trykte og digitale læremiddel
og digitalt utstyr. Vaksne som får vidaregåande opplæring,
kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene
til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen
kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring,
å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa
til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet
kan gi nærmare forskrifter. |
| Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring
har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis.
Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring,
skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til
dette av kommune eller Arbeids- og velferdsetaten. Departementet
kan gi nærmare forskrifter. |
| Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på
grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande
opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare
forskrifter. |
| §
4A-4. Kommunen og fylkeskommunen si plikt til å sørgje
for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring
for vaksne |
| For opplæringa etter dette kapitlet gjeld
§§ 13-1 til 13-3a og 13-10. |
| Kommunen og fylkeskommunen kan nytte studieforbund,
godkjente nettskolar og andre som gir tilbod om grunnskoleopplæring
og vidaregåande opplæring for å oppfylle plikta
til å gi opplæring til vaksne. |
| Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at
vaksne får dokumentert opplæringa som dei har gjennomført. |
| Kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette
for at vaksne som får opplæring etter dette kapitlet,
får høve til å ta aktivt del i arbeidet med
å fremje eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod. |
| Departementet gir nærmare forskrifter om
vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon. |
| §
4A-5. Kompetansekrav for undervisningspersonell |
| § 10-1 med tilhøyrande
forskrift gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.
Departementet kan gi forskrifter om at ein likevel kan tilsetje
personell utan formell pedagogisk kompetanse. |
| For opplæring etter §
4A-2 andre leddet gjeld ikkje §
10-1 med tilhøyrande forskrift. Opplæringa skal
likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing og ansvar. |
| §
4A-6. Innhaldet i opplæringa |
| § 1-1 gjeld så
langt det passar for opplæring etter dette kapitlet. Læreplanar
etter §§ 1-5,
2-3, 3-4 og
6-4 gjeld med dei tilpassingar som følgjer av dette
kapitlet. |
| §
4A-7. Skyss m.m. |
| Vaksne som ikkje har fullført grunnskolen,
og som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett
til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring
etter dette kapitlet. |
| Vaksne som på grunn av funksjonshemming,
sjukdom eller skade har behov for det, har rett til gratis skyss
utan omsyn til veglengda når dei får grunnskoleopplæring
etter dette kapitlet. § 7-4 gjeld
tilsvarande. |
| Kommunen skal innlosjere dei vaksne når dagleg
skyss etter første og andre leddet ikkje er forsvarleg.
Når det er nødvendig, gjeld tilsyn etter §
7-1 fjerde leddet tilsvarande. |
| Elles gjeld § 13-4
tilsvarande for dei pliktene som følgjer av denne paragrafen. |
| §
4A-8. Rådgiving |
| Vaksne med rett til opplæring etter §§
4A-1 og 4A-2 har rett til rådgiving
for å kartleggje kva tilbod den vaksne har behov for. |
| §
4A-9. Bortvising |
| Når ein elev eller deltakar vedvarande har
vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og
arbeidsro på skolen, eller når ein elev eller deltakar
alvorleg forsømmer pliktene sine, kan kommunen/fylkeskommunen
vise eleven/deltakaren bort frå resten av det kurset eleven/deltakaren
er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising
for resten av kurset kan fylkeskommunen også vedta at eleven/deltakaren
skal misse retten til vidaregåande opplæring etter
§ 4A-3. |
| Kommunen/fylkeskommunen kan ikkje overlate til
eit organ på skolen å gjere vedtak etter denne paragrafen
om bortvising eller tap av retten til opplæring. |
| Før det blir gjort vedtak om bortvising
eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å
bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. |
| §
4A-11. Forsøk |
| § 1-4 gjeld tilsvarande
for opplæring etter dette kapitlet. |
| §
4A-12. Tilpassa opplæring |
| § 1-3 første
ledd gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.
|
| §
4A-13. Opplæring av vaksne med behov for alternativ og supplerande
kommunikasjon (ASK) |
| Vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell
tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon,
skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige
kommunikasjonsmiddel i opplæringa. |
| Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande
utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett
til spesialundervisning etter reglane i §
4a-2. Dette inkluderer nødvendig opplæring i
å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. |
|
|