Opplæringslova |
|
|
Kapittel 5. |
Spesialundervisning |
| §
5-1. Rett til spesialundervisning |
| Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få
tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet,
har rett til spesialundervisning. |
| I vurderinga av kva for opplæringstilbod
som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på
utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal
ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg
utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold
til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven.
Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale
undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf.
§ 2-2 og § 3-2. |
| §
5-3. Sakkunnig vurdering |
| Før kommunen eller fylkeskommunen
gjer vedtak om spesialundervisning etter
§ 5-1 eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter
§ 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering
av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om
eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod
som bør givast. |
| Den sakkunnige vurderinga skal blant
anna greie ut og ta standpunkt til |
• |
eleven sitt utbytte av det ordinære
opplæringstilbodet. |
• |
lærevanskar hjå eleven og andre særlege
forhold som er viktige for opplæringa. |
• |
realistiske opplæringsmål for eleven. |
• |
om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har
innanfor det ordinære opplæringstilbodet. |
• |
kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod. |
| Departementet kan gi nærmare
forskrifter om den sakkunnige vurderinga. |
| Dersom vedtaket frå kommunen
eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga,
skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen
eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod
som oppfyller retten etter § 5-1
eller § 5-7. |
| §
5-4. Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om
spesialundervisning |
| Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at
skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige
for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt
kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal
vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå
til rektor når slike behov er til stades. |
| Før det blir gjort sakkunnig vurdering og
før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning,
skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå
foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer
av reglane om teieplikt og §
19 i Forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven
rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige
vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort
vedtak. |
| Tilbod om spesialundervisning skal så langt
råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til
eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn. |
| §
5-5. Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa
|
| Reglane om innhaldet i opplæringa i denne
lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning
så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning,
skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen
skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis
ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for
lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen. |
| Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg
oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei
vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og
vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen
eller fylkeskommunen. |
| §
5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste |
| Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk
teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan
organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen. |
| Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling
og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa
betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske
tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig
vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter
om dei andre oppgåvene til tenesta. |
| §
5-7. Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig
alder |
| Barn under opplæringspliktig alder som har
særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til
slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving.
Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske
institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak.
Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta
eller av ein annan sakkunnig instans. |
| For spesialpedagogisk hjelp gjeld §
5-4 andre og tredje leddet i lova. §
5-5 andre leddet i lova gjeld så langt det passar. |
| §
5-8. Helsetenestetilbod |
| Departementet kan gi forskrifter om helsetilsyn
og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning. |
| §
5-9. Statens plikt til å sørgje for læremiddel
|
| Departementet skal sørgje for at det blir
utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for
spesialundervisning. |
|
|