Opplæringslova |
|
|
Kapittel 8. |
Organisering
av undervisninga |
| §
8-1. Skolen |
| Grunnskoleelevane har rett til å gå
på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen
i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi
forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen
soknar til. Kravet i §
38 første leddet bokstav c i Forvaltningslova om kunngjering
i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. |
| Etter søknad kan eleven takast inn på
annan skole enn den eleven soknar til. |
| Når omsynet til dei andre elevane tilseier
det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan
skole enn den skolen eleven har rett til å gå på
etter første leddet. Før det blir gjort vedtak om
å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak.
Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein
skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte
ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang. |
| §
8-2. Organisering av elevane i grupper |
| I opplæringa skal elevane delast i klassar
eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør.
For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper
etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg
nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane,
basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn
det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. |
| Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire
lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar
for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla
som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der,
mellom anna kontakten med heimen. |
|
|
|