Opplæringslova |
|
|
Kapittel 9. |
Leiing,
funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen |
| §
9-1. Leiing |
| Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk
og administrativ leiing. |
| Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar.
Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda
i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den
som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse
og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast
på åremål. |
| Departementet kan etter søknad gjere unntak
frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar
å organisere leiinga på. |
| §
9-2. Rådgiving og skolebibliotek |
| Elevane har rett til nødvendig rådgiving
om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål.
Departementet gir nærmare forskrifter. |
| Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet
kan gi nærmare forskrifter. |
| §
9-3. Utstyr |
| Skolane skal ha tilgang til nødvendig utstyr,
inventar og læremiddel. |
| §
9-4. Lærebøker og andre læremiddel |
| I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker
og andre læremiddel som ligg føre på bokmål
og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle
kan departementet gjere unntak frå denne regelen. |
| Norske og samiske lærebøker og tilsvarande
digitale læremiddel som blir brukte i skolen, skal vere
i samsvar med offisiell rettskriving. Nynorskutgåvene skal
følgje læreboknormalen. Med lærebøker
er her meint alle trykte læremiddel som elevane regelmessig
bruker for å nå vesentlege delar av kompetansemåla
i eit fag. |
| Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal
ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane
lærer å lese både bokmål og nynorsk. |
| Ordlister og ordbøker til skolebruk skal
godkjennast av Språkrådet. |
| Departementet gir nærmare forskrifter om
kva læremiddel som er omfatta av kravet i første
leddet. |
| Reglane i første og fjerde ledd gjeld ikkje
for samiske læremiddel. |
| §
9-5. Skoleanlegga |
| Kommunen skal sørgje for tenlege grunnskolar. |
| Til vanleg bør det ikkje skipast grunnskolar
med meir enn 450 elevar. |
| På grunnskolar og i kombinerte anlegg for
skole og andre formål må det ikkje kunne serverast
alkohol eller takast med alkohol til nyting under arrangement
i offentleg som privat regi. I kombinerte anlegg for skole og
andre formål kan det i særlege høve gjerast
unntak når desse anlegga vert nytta til kulturelle og sosiale
føremål utanom skoletida. |
| §
9-6. Om reklame i skolen |
| Skoleeigaren skal sørgje for at elevane
ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape
kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar,
åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område,
i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta
i opplæringa. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
|
|
|