Opplæringslova |
|
|
Kapittel 11. |
Organ
for brukarmedverknad i skolen |
| §
11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar |
| Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval
med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre
tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for
kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor
ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når
saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter,
blir behandla i samarbeidsutvalet. |
| Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg
i alle saker som gjeld skolen. |
| Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver
frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar
til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre
for skolen etter § 11
og § 20 nr. 4 i Kommunelova.
Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet,
skal minst to representantar for foreldrerådet vere med
i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan
ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte,
tale og komme med framlegg. |
| Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for
grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande
ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole.
Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant
for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette
i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to
representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar
for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane
for kommunen som følgjer av første og tredje leddet,
kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer. |
| §
11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar |
| Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval.
I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet,
dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet
skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra
til saman er i fleirtal. |
| Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval.
Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval,
må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og
foreldra, slik at dei samla får fleirtal. |
| Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades
når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla
i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades,
skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet
av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar
aukast tilsvarande. |
| Skolemiljøutvalet skal medverke til at
skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet
for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet
har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet,
jf. kapittel 9a. |
| §
11-2. Elevråd ved grunnskolar |
| Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna
5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar
for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar.
Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen
har teke til om hausten. |
| Ein medlem av undervisningspersonalet på
skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet
i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og
talerett i elevrådet. |
| Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte
i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet
skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene
i rådet eller rektor krev det. |
| Elevrådet skal fremje fellesinteressene til
elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings-
og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale
seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet
til elevane. |
| §
11-4. Foreldreråd ved grunnskolar |
| På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd
der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. |
| Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene
til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt
del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet
skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen,
leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane
og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet. |
| Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet
vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet.
Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane. |
| §
11-5. Skoleutval ved vidaregåande skolar |
| Ved kvar vidaregåande skole skal det vere
eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen
og to representantar valde av elevrådet. Rektor ved skolen
skal vere representant for fylkeskommunen. |
| Skoleutvalet har rett til å uttale seg i
alle saker som gjeld skolen. |
| Fylkeskommunen kan nemne opp skoleutvalet som styre
for skolen etter § 11
og § 20 nr. 4 i Kommunelova.
Dersom fylkeskommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn
skoleutvalet, skal minst to representantar for elevrådet
vere med i styret. Inga av gruppene elevar eller tilsette kan
ha fleirtal i styret aleine. |
| Rektor har rett til å møte, tale og
komme med framlegg. |
| §
11-5a. Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar |
| Ved kvar vidaregåande skole skal det vere
eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane,
dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte.
Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane
for elevane er i fleirtal. |
| Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval.
Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må
det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane,
slik at dei får fleirtal. |
| Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen,
dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å
skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har
rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet,
jf. kapittel 9a. |
| §
11-6. Elevråd og allmøte ved vidaregåande skolar
|
| Ved kvar vidaregåande skole skal det vere
eit elevråd med minst ein medlem for kvar tjuande elev.
Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting. |
| Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet,
arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane. |
| Dersom elevrådet eller ein femdel av elevane
ønskjer det, skal det haldast allmøte for elevane
på skolen. Elevrådet er bunde av vedtak i allmøte
i saker som er nemnde i innkallinga til møtet når
meir enn halvparten av elevane på skolen er til stades og
røystar. |
| §
11-7. Fellesreglar |
| Råda og utvala etter reglane i §§
11-1 til 11-6 vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel
også sekretær. |
| §
11-8. Elevrepresentantar i fylkeskommunale nemnder |
| Representantar for elevane i vidaregåande
opplæring har møte- og talerett i fylkeskommunale
nemnder etter tilsvarande reglar som gjeld tilsette, jf.
§ 26 i Kommunelova. |
| §
11-9. Foreldreutvalet for grunnskolen |
| Kongen i statsråd nemner opp Foreldreutvalet
for grunnopplæringa. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og
fem andre medlemmer. Funksjonstida er fire år. Departementet
gir nærmare forskrifter om omfanget av og innhaldet i arbeidet
til Foreldreutvalet. |
| §
11-10. Dispensasjon |
| Departementet kan i særlege tilfelle gjere
unntak frå reglane i §§ 11-1
til 11-7. |
|
|