Opplæringslova |
|
|
Kapittel 12. |
Organ
knytte til fagopplæring i bedrift |
| §
12-1. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet |
| Departementet nemner opp eit organ for samarbeid
om fag- og yrkesopplæringa. Organet skal hjelpe departementet
med råd og ta initiativ for å fremje fag- og yrkesopplæringa.
Organet skal ha representantar for partane i arbeidslivet og for
departementet. Departementet fastset samansetjinga av og oppgåvene
til organet. |
| §
12-2. Faglege råd |
| Departementet nemner opp faglege råd for
fag- og yrkesopplæringa. Kvart fag eller fagområde
som kan ha læretid i bedrift, skal vere knytt til eit fagleg
råd. Departementet avgjer etter framlegg frå organet
for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa kva for faglege
råd som skal skipast, storleiken på råda, kva
for fagleg felt det enkelte rådet skal dekkje og reglement
for oppgåvene til råda. |
| §
12-3. Yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval |
| Fylkeskommunen nemner opp yrkesopplæringsnemnd
med oppgåver etter §§ 4-3,
12-3 og 12-4.
|
| Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer
som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa
og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det
skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane
i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane
og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Partane
i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast
opp minst éin representant for elevar, lærlingar
eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar
eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane
om forslag til medlemmer i nemnda. |
| Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida
til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for
elevane, lærlingane og lærekandidatane blir oppnemnde
for to år om gongen. |
| Fylkeskommunen skal førebu dei sakene nemnda
skal behandle. |
| Departementet kan gi nærmare forskrifter
om arbeidet i nemnda. |
| Nemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval
for kvart av faga eller fagområda, eller nytte prøvenemnda
som yrkesutval. Departementet kan gi forskrifter om samansetjinga
av og verksemda til yrkesutvala. |
| Kommunelova
§ 14 nr. 1 bokstav a gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer
til yrkesopplæringsnemnda. |
| §
12-4. Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda |
| Yrkesopplæringsnemnda skal fremje
behov hos og synspunkt frå arbeidslivet overfor fylkeskommunane.
|
| Yrkesopplæringsnemnda skal i
form av vedtak uttale seg i saker som fylkeskommunen etter
§ 4-8 er pliktig til å leggje fram for nemnda.
Dette gjeld mellom anna saker om godkjenning av lærebedrifter
og tap av godkjenning, og om fylkeskommunens kvalitetssystem for
fag- og yrkesopplæringa. |
| Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide
for å heve kvaliteten av heile fag- og yrkesopplæringa.
Yrkesopplæringsnemnda skal særleg |
• |
fremje forslag til organisering, arbeidsmåtar
og strategiar for å utvikle kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
|
• |
vurdere og uttale seg om rutinane i fylkeskommunen
for å sikre kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
|
• |
vurdere korleis partane i arbeidslivet skal bidra
til kvalitetsutvikling og -sikring i fag- og yrkesopplæringa
|
• |
vurdere korleis samhandlinga mellom skolar og lærebedrifter
kan betrast |
| • |
vurdere korleis kompetanseutvikling kan sikrast.
|
| Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide
for best mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa,
og gi fylkeskommunen råd om tiltak i samband med den årlege
fastsetjinga av tilbod. |
| Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide
for at rådgivinga om fag- og yrkesopplæring blir best
mogleg, og foreslå tiltak der ho finn det nødvendig.
|
| Yrkesopplæringsnemnda skal gi
råd om korleis utvikling av fag- og yrkesopplæringa
og samhandling mellom skolar og bedrifter kan medverke til regional
utvikling, mellom anna utvikling av nye verksemder og arbeidsplassar.
|
| Yrkesopplæringsnemnda kan gi
fylkeskommunen fullmakt til å gjere den faglege vurderinga
av bedrifter eller til å utføre andre oppgåver
som etter lov eller forskrift er lagde til yrkesopplæringsnemnda.
|
| §
12-5. Læreplangrupper |
| Departementet nemner opp læreplangrupper
som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet
i opplæringa i fag eller arbeidsområde som har læretid
i bedrift. |
| Departementet skal syte for at både arbeidslivet
og skolesida får ta del i arbeidet med nye læreplanar.
|
| §
12-6. Klagenemnd for fag- og sveineprøver |
| Departementet nemner opp klagenemnder som er klageinstans
for klager på vedtak om ikkje bestått fag- eller sveineprøve.
Kvar nemnd skal ha tre medlemmer. To av medlemmene skal ha fagutdanning.
Departementet fastset kven som skal vere leiar og nestleiar. |
| Når det skal oppnemnast klagenemnder for
fag- og sveineprøver, skal det faglege rådet for
faget gi innstilling. |
| Medlemmene med personlege vararepresentantar, blant
anna leiar og nestleiar, blir oppnemnde for fire år om gongen. |
| §
12-7. Medlemmer av råd og nemnder |
| Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av
organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, av faglege
råd, av prøvenemnder eller klagenemnder, er pliktig
til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje seg fritekne
for ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort samanhengande
teneste. Den som har fylt seksti år, kan krevje seg friteken.
|
|
|