Opplæringslova |
|
|
Kapittel 13. |
Ansvaret
til kommunen, fylkeskommunen og staten |
| § 13-1.
Plikt for kommunen
til å sørgje for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk
hjelp |
| Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
og spesialpedagogisk hjelp etter denne lova for alle som er busette
i kommunen. Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen
har ansvaret for etter §§ 13-2
og 13-3 a. |
| Departementet gir forskrifter eller pålegg
i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i kommunen,
og om refusjon av utgifter som andre kommunar har til grunnskoleopplæring. |
| Offentlege grunnskolar skal vere kommunale. I særlege
tilfelle kan staten eller fylkeskommunen drive grunnskolar. Fylkeskommunen
må ha godkjenning frå departementet. |
| Kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen
over skolenivået. |
| § 13-2.
Plikt for fylkeskommunen
til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk
hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter
Barnevernlova |
| Når det blir gjort vedtak om plassering i
institusjon etter Barnevernlova, er det den fylkeskommunen der
institusjonen ligg som har ansvaret for å oppfylle retten
til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande
opplæring etter lova her. Fylkeskommunen der institusjonen
ligg har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå
fylkeskommunen der barnet eller den unge er busett på det
tidspunktet det blir gjort vedtak om plassering, etter satsar
fastsett av departementet. |
| Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar
i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita
har ansvaret for etter Barnevernlova
§ 5-1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar
som er godkjende etter Barnevernlova
§ 5-8. Dersom opplæringa skjer i institusjonen,
skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale
til formålet. |
| Departementet gir forskrifter om refusjon av utgifter
til opplæring av barn og unge frå andre fylkeskommunar.
|
| §
13-3. Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for vidaregåande
opplæring |
| Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande
opplæring etter denne lova for alle som er busette i fylkeskommunen. |
| Fylkeskommunen skal gi tilbod til søkjarar
utan rett etter § 3-1 eller §
4A-3. |
| Departementet gir forskrifter eller pålegg
i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i fylkeskommunen.
Departementet kan gi forskrifter om at heimfylket i rimeleg grad
har ansvaret for å refundere utgifter i samband med vidaregåande
opplæring i eit anna fylke. Departementet kan påleggje
fylkeskommunen å setje i gang vidaregåande opplæringstilbod
som omfattar søkjarar frå andre fylke. |
| Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande
opplæring i fengsel. Departementet kan i særlege tilfelle
påleggje fylkeskommunen oppgåver i samband med anna
opplæring i fengsel. |
| Fylkeskommunen skal planleggje og byggje ut det
vidaregåande opplæringstilbodet under omsyn til blant
anna nasjonale mål, ønska til søkjarane og
det behovet samfunnet har for vidaregåande opplæring
i alle utdanningsretningar og for ulike aldersgrupper, og under
omsyn til ansvaret sitt for opplæring i fengsel og i sosiale
og medisinske institusjonar og behovet for spesialundervisning. |
| Offentlege vidaregåande skolar skal vere
fylkeskommunale. I særlege tilfelle kan staten eller ein
kommune drive vidaregåande skolar. Kommunen må ha
godkjenning frå departementet. |
| § 13-3a.
Plikt for fylkeskommunen
til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk
hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar |
| Fylkeskommunen der ein institusjon ligg skal oppfylle
retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp
og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar
i helseinstitusjonar som eit regionalt helseføretak eig,
og for pasientar i private helseinstitusjonar som har avtale med
regionale helseføretak. Fylkeskommunens ansvar gjeld berre
for pasientar i institusjonsplassar som regionale helseføretak
finansierer. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal
institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.
|
| Fylkeskommunen der ein institusjon ligg, har rett
til refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen
der pasienten var busett på det tidspunktet pasienten vart
innlagd. Refusjonsretten er avgrensa til å gjelde pasientar
i institusjonar som tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling
for rusmiddelavhengige og pasientar i institusjonar innanfor det
psykiske helsevernet. |
| Departementet gir forskrifter om refusjon av utgifter
til opplæring av pasientar frå andre fylkeskommunar.
|
| § 13-3b.
Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje
for ulykkesforsikring |
| Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje
for ulykkesforsikring for elevane. Departementet kan gi nærmare
forskrift om ulykkesforsikring. |
| § 13-3c.
Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for rettleiing
og kvalitetsutviklingstiltak |
| Fylkeskommunen skal etter oppdrag fra departementet
veilede om og bidra til kvalitetsutviklingstiltak som bl.a. kan
gi god sammenheng mellom grunnskolen og videregående opplæring.
Departementet kan gi nærmere forskrifter om disse oppgavene. |
| § 13-3d.
Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje
for foreldresamarbeid |
| Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje
for samarbeid med foreldre, høvesvis i grunnskolen og i
vidaregåande opplæring. Organiseringa av foreldresamarbeidet
skal ta omsyn til lokale tilhøve. Departementet gir nærmare
forskrifter. |
| §
13-4. Ansvaret for skoleskyss m.m. |
| Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar
og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg
farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen er ansvarleg for å
oppfylle retten til skyss av førskolebarn etter §
7-6. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje
og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne.
Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje
og tilsyn etter reglane i kapittel 7.
Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar
og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen. |
| Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd
med kommunen. Dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde
om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast, kan
departementet gi pålegg. |
| Departementet kan gi forskrifter om heimreiser,
reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast
for å få hjelp eller opplæring etter denne lova,
dessutan forskrifter om skoleskyss, skyssgodtgjersle og heimfylket
sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband
med vidaregåande opplæring i eit anna fylke. |
| §
13-5. Plikt for skoleeigaren til å ha ei ordning med
gratis frukt og grønsaker |
| Skoleeigaren skal gi elevane gratis frukt og grønsaker.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om ansvaret for
ordninga og omfanget av plikta. |
| §
13-6. Musikk- og kulturskoletilbod |
| Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med
andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og
unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles. |
| For krav om politiattest gjeld reglane i §
10-9. |
| §
13-7. Skolefritidsordninga |
| Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning
før og etter skoletid for 1. - 4. årstrinn, og for
barn med særskilte behov på 1. - 7. årstrinn. |
| Skolefritidsordninga skal leggje til
rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt
i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga
skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast
gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal
vere eigna for formålet. |
| Skolefritidsordninga skal ha vedtekter
om |
a) |
eigarforhold |
b) |
kven som er opptaksmyndigheit |
c) |
opptakskriterium |
d) |
opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen |
e) |
foreldrebetaling |
f) |
leike- og opphaldsareal |
g) |
dagleg opphaldstid og årleg opningstid |
h) |
bemanning og leiing |
| Når skolefritidsordninga er knytt
til skolar, skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet kan
gjere unntak frå kravet. |
| Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga
dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra. |
| For krav om politiattest gjeld reglane
i § 10-9. |
| Kommunen kan nytte andre til å
oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning,
dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen
fører tilsyn med private skolefritidsordningar. |
| Departementet kan gi nærmare
forskrifter om skolefritidsordninga. |
| §
13-7a. Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp |
| Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp for elevar
på 1.-4. årstrinn. |
| Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane
skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men
det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta. |
| For krav om politiattest gjeld reglane i §
10-9. |
| Departementet gir nærmare forskrifter om
leksehjelptilbodet. |
| §
13-8. Oslo kommune |
| Oslo kommune har også dei rettane og pliktene
som i denne lova ligg på fylkeskommunen. |
| §
13-9. Tilskot frå staten |
| Staten gir tilskot til å dekkje delar av
utgiftene til kommunane og fylkeskommunane. Tilskotet blir normalt
gitt som eit rammetilskot etter reglar gitt av departementet.
|
| §
13-10. Ansvarsomfang |
| Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat
skole etter § 2-12 har ansvaret
for at krava i Opplæringslova og forskriftene til lova blir
oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane
som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast. |
| Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat
skole etter § 2-12 skal ha eit
forsvarleg system for vurdering av om krava i Opplæringslova
og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen
og skoleeigaren for privat skole etter §
2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje
opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar
som departementet gjennomfører med heimel i §
14-1 fjerde ledd. Som ein del av oppfølgingsansvaret
skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa
og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat,
fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten
skal drøftast av skoleeigar dvs. kommunestyret, fylkestinget
og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane. |
|
|