Opplæringslova |
|
|
Kapittel 15. |
Bruk
av Forvaltningslova. Opplysningsplikt |
| §
15-1. Bruk av Forvaltningslova |
| Forvaltningslova gjeld for verksemd som etter lova
her blir driven av forvaltningsorgan, med dei særreglane
som er fastsette i lova her. |
| Reglane om teieplikt i §§
13 - 13e i Forvaltningslova gjeld òg for private skolar
godkjende etter § 2-12 i lova
her. |
| §
15-2. Særlege reglar om klageinstans |
Departementet er klageinstans for enkeltvedtak
i grunnskolen og for enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp
før opplæringspliktig alder etter
§ 5-7. For enkeltvedtak i personalsaker gjeld likevel
reglane om klageinstans i §
28 i Forvaltningslova. |
Departementet er klageinstans for enkeltvedtak
om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa,
enkeltvedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring
etter § 3-8 og §
4-6, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år
ekstra etter § 3-1 femte leddet
og enkeltvedtak om fysiske og psykososiale miljøforhold
etter § 9a-2 og §
9a-3. |
I samband med klage på inntak til vidaregåande
opplæring kan departementet ikkje overprøve eit
vedtak i fylkeskommunen om kva for utdanningsprogram på
vidaregåande trinn 1 eller programområde på
vidaregåande trinn 2 og 3, eller kva for skole ein søkjar
skal takast inn på. For slike vedtak gjeld reglane om
klageinstans i §
28 i Forvaltningslova. Departementet er klageinstans for
enkeltvedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram
på vidaregåande trinn 1 på grunnlag av sakkunnig
vurdering. |
| §
15-3. Opplysningsplikt til barneverntenesta |
| Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet
sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til
tiltak frå barneverntenesta. |
| Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige
tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn
til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når
det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf.
§§ 4-10 til 4-12 i Lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester,
eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar,
jf. § 4-24 i den same
lova. Også etter pålegg frå dei organa som
er ansvarlege for å gjennomføre Lov
17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet
gi slike opplysningar. |
| §
15-4. Opplysningsplikta til sosialtenesta |
| Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker
gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal
vere på vakt overfor forhold som bør føre
til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi
sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan
opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt
frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan
givast utan hinder av teieplikta. |
|
|